Hjelpefrukt
Utsjånad
Hjelpefrukt eller falsk frukt er frukt som vert danna ved at blomebotnen eller andre plantedelar svell ut til ein kjøtfull masse som er med å danne frukta. Hjelpefrukt finn ein til dømes hos mange artar i rosefamilien, som hos jordbær og nype.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Magnus Jetne i Norsk Allkunnebok (1952)
- Johannes Lid og Dagny Tande Lid: Norsk flora (2005) ISBN 82-521-6029-8