Hildalen
Utsjånad
Hildalen eller Bordkøyraren er ein kjend gangar i 2/4-takt, som finst utbreidd som vandreslått over store delar av Hardingfeleområdet. Namnet Hildalen skriv seg frå spelemannen Ola Hildal som budde på garden Hildal i Odda kommune inst i Hardanger, ved Sandvinsvatnet. Slåtten er gamal både austafjells og Vestafjells, og tona finst hjå Ludvig Mathias Lindeman.
I Hardingfeleverket har slåtten nummer 158/163, og det er skrive ned i alt 17 variantar. I høve varianten frå Voss viser redaksjonen til den franske komponisten Jean-Benjamin de Laborde, som skreiv ned ein liknande melodi i høve eit storverk om nyare og eldre musikk i 1780 (Essai sur la musique ancienne et moderne, Paris 1780).
Variantar
[endre | endre wikiteksten]- a: Hildalen etter Kristiane Lund, Bø i Telemark [1][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1911 (B 598). Lund hadde slåtten etter Halvor Flatland frå Bø.
- b: Fan på bordlasset, etter Johannes Dale, Tinn [2][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1937 (Ø 297). Johannes hadde slåtten etter bestefaren Knut Dale. Forma var og kalla Fan på tømmerlunna. Namnet kjem seg frå ei segn knytt til garden Heibø trast ovanfor Notodden på veg mot Meheia. Her sat Fanden og spela fele på ein bordstabel. ”Myllarguten kjende sikkert noko av denne slåtten før han kom til Vestlandet, men det er lite truleg at det er frå Vestlandet denne slåtten er komen” (notat av Truls Ørpen etter brev frå Johannes Tveitan, Tinnegrend, 1950). Wilhelm Sorteberg nytta og denne forma.
- c: Bordkøyraren etter Torkjell Haugerud [3][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1939 etter opptak i NRK. (G 33).
- d: Bordkøyraren etter Olav R. Berge [4][daud lenkje], nedskrift Eivind Groven 1922 etter minne (G 580).
- e: Hildalen etter Jens Amundsen frå Bø [5][daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter opptak i NRK, etter minne (G 1062).
- f: Halling etter Engebret Ødegård, Flå [6][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1935 (Ø 232). Ødegård hadde slåtten etter faren Knut Ødegård.
- g: Hildalen etter Anders S. Kjerland, Granvin [7][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1945 (B 1277). Kjerland hadde slåtten etter Halldor Meland frå Kvam. Meland hadde bygd ut forma etter Severin Kjerland.
- h: Hildalen etter Lars Istad, Voss [8][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1940 (B 1301). Istad hadde slåtten etter Hans Skutle.
- i: Kristi Torsteinsrud, etter Kittil Flaglien, Krødsherad [9][daud lenkje]. Nedskrift Truls Ørpen 1940 (Ø 231). Flaglien hadde slåtten etter Ola Skogly, som hadde slåtten etter faren Gunnar Haugen, som fekk han frå Knut Fosslia, før Fosslia for til Amerika i 1851.
- j: Olav Torson, etter Knut Heddi, Rysstad, Setesdal [10][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1917 (B 376). Ein nærskyldt tone finst hjå Lindeman, Halvhundrede norske fjeldmelodier harmoniserede for mandsstemmer, 1862. Stevet er skrive ned av Catharinus Elling.
- k: Vinjes minne, etter Eivind Hamre, Bygland [11][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1917 (B 458). Hamre hadde slåtten etter Torjus Odden frå Bygland. Slåttenamnet er sett på slåtten til minne om Aasmund Olavsson Vinje.
- l: Halling, etter Myllarguten [12][daud lenkje]. Nedskrift Carl Schart 1850.
- M: Bordstabelen, etter Gudmund Eide, Eksingedalen, Nordhordland [13][daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1916 (B N. Sl. 43). Eide hadde slåtten etter faren Ivar Eide frå Bruvik. ”Slåtten er sers gamal og har lenge vore bruka som bruraslått i Nordhordland. Bruraslåtten vart spela når brura var pynta og kom ned frå loftet og skulle fara til kyrkja. Han er og godt kjend i Telemark.” Jmfr. Lindeman, Norske Fjeldmelodier 545.
- n: Storevenen, etter Ola Mosafinn, Voss [14][daud lenkje], Nedskrift Arne Bjørndal 1908. Slåttenamnet er etter Anders Himle, som var Kjøgemeister, ein rørsleg kar og særs venesel og vel omtykt. Han hadde tilnamnet ”storevenen”. I Myrkedalen var denne forma kalla ”Haug-Ola”, og elles på Voss ”Rotatakje”. Rikard Berge skreiv ned stevet til denne forma.
Supplementsformer
[endre | endre wikiteksten]- 163a: Hildalen etter Odd Bakkerud, Nesbyen [15][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Forma slektar mykje på forma frå Telemark.
- 163b: Gro Kinn-hallingen, etter Harald Fylken, Østre Slidre [16][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Forma var mykje nytta av spelemenn over heile Valdres, og vart bruka av kvedargruppa Dvergmål som grunnlag for diktet Namne på Mund av Ivar Aasen (1996).
- 163c: Torstein Langbein, etter Paul Lia, Flesberg [17][daud lenkje]. Nedskrift Sven Nyhus 1978.