Hidra
Hidra | |
---|---|
Kirkehamn | |
Geografi | |
Stad | Sørlandet |
Koordinatar | 58°13′28″N 06°35′14″E / 58.22444°N 6.58722°E
|
Areal | 20,4 km²
|
Høgaste punkt | Langelandsfjellet (291 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Agder
|
Hidra er ei øy i Flekkefjord kommune i Agder med 600 innbyggjarar. Hidra var tidlegare ein eigen kommune, men blei i 1965 del av storkommunen Flekkefjord.
Lakseoppdrett er ein viktig næringsveg på øya. Hidra er òg eit populært feriemål som har ein restaurant, «Isbua», og kystmuseet Fedrenes Minne.
Det vert arbeida med å få øya landfast via ein undersjøisk tunnel.
Hidra Landfast
[endre | endre wikiteksten]Våren 2007 vart det frå samferdselsdepartementet gjeve tilsegn om at undersjøisk tunnel kunne delfinansierast ved innsparte ferjesubsidiar og bompengar i lang nok tid til at prosjekteringsarbeidet er i gang per juli 2007. Tunnelen vil følgje nesten same rute som ferja går i dag.
Topografi og geologi
[endre | endre wikiteksten]Øya er nesten utelukkande granitt, med litt moreneavsettingar i fjellsprekkene. På innsida av øya finn ein eik og annan lauvtreskog og ein del sjeldan flora, som viltveksande primula, som lokalt vert kalla «kusmarblomst». Øya er delt av Eiekanalen inst i Rasvågfjorden, med gjennomfart for småbåtar. Øya si strategisk gode plassering førte til at tyske okkupasjonsmakter bygde eit av sine større artillerianlegg på Hummeråsen over Rasvåg i løpet av den andre verdskrigen. Kyrkja på øya ligg i Kirkehamn. Der vert det årleg arrangert skalldyrfestival.
Kommunesoge
[endre | endre wikiteksten]Utdjupande artikkel for dette emnet er Hidra kommune.
Hidra var frå innføringa av formannskapslovene i 1837 del av Nes og Hitterø formannskapsdistrikt. I 1893 vart denne kommunen delt i to og Hidra (Hitterø) vart sjølvstendig kommune med 2 075 innbyggjarar. Det er uklårt når kommunenamnet vart endra frå Hitterø til Hidra.
1. januar 1965 vart Hidra, som då hadde 1 277 innbyggjarar, slått saman med Flekkefjord by, Gyland og Nes, samt det meste av Bakke kommune (bortsett frå Øksendal) til den nye Flekkefjord kommune.
I tillegg til sjølve Hidra og småøyene kring, omfatta Hidra kommune også område på fastlandet, innom Hidrasundet, vestover og nordover til grensa mot Rogaland, som går etter fjorden Åna og vassdraget oppover til Lundevatnet. I aust gjekk kommunen til Stolsfjorden.
Ymse
[endre | endre wikiteksten]Industripioneren Johan G.B. Mejlænder var frå Rasvåg på Hidra.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilete frå Hidra Arkivert 2010-05-31 ved Wayback Machine.