Heritage Range
Heritage Range | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Ellsworth Mountains | ||
Grensar til | Sentinel Range | ||
Stad | Ellsworth Land | ||
- koordinatar | 79°45′S 83°00′W / 79.75°S 83°W | ||
Lengd | 160 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Heritage Range 79°45′S 83°00′W / 79.75°S 83°W | |||
Plasseringa til Heritage Range in Vest-Antarktis
| |||
Wikimedia Commons: Heritage Range |
Heritage Range er ei stor fjellkjede, 160 km lang og 48 km brei, som utgjer den sørlege halvdelen av Ellsworth Mountains i Antarktis, sørover frå Minnesotabreen. Fjellkjeda er kompleks med mange ryggar og fjelltoppar på moderat høgd, skrentar, åsar og nunatakar. Mellom desse ligg isbrear.[1]
Den nordlege delen av fjellkjeda vart truleg først sett av Lincoln Ellsworth då han flydde over området 23. november 1935. Den 14. desember 1959 vart den sørlege delen av kjeda sett for første gong under ein flytur frå Byrd-stasjonen med Edward C. Thiel, J.C. Craddock og E.S. Robinson. Laget landa på ein isbre ved Pipe Peak den 26. desember nordvest i fjellkjeda.[1][2]
I 1962-63 og 1963-64 utførte University of Minnesota ekspedisjonar som både kartla og gjorde geologiske undersøkingar av fjellkjeda. Heile kjeda vart kartlagd av USGS frå flyfoto tekne under U.S. Navy, 1961-66.[1]
Ho fekk dette namnet av US-ACAN fordi dei forskjellige delane av fjellkjeda har fått namn som er knytt til temaet amerikanske kulturarv.[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Heritage Range» frå Wikipedia på engelsk, den 11. januar 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Heritage Range». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 11. januar 2013.
- ↑ Gerald F. Webers, et al., Geology and Paleontology av Ellsworth Mountains, Vest-Antarktis (Geological Society of America, 1992), s. xi