Hengselledd
Hengselledd eller ginglymus (articulatio ginglymus) er eit ledd der dei motståande leddflatene er forma på ein slik måte at dei berre kan røre seg langs éin akse og i eitt plan.[1][2] Leddflatene er bundne saman av sterke kollateralligament.
Døme på hengselledd er interfalangealledda i hendene og dei i føtene, og leddet mellom overarmsbeinet og olbogebeinet. Kneleddet og ankelleddet er også hengselledd, men til dels avvikande fordi desse kan dreie og flytte seg sidelengs. Kneet er også det største hengselleddet i menneskekroppen.
Hengselledd og glideledd er sylindriske ledd,[3] det vil seie at dei kan røre seg langs ein enkelt akse, og i tillegg dreie rundt han. Hengselledd liknar på sadelledd, men har mindre rørslefridom.[4]
Andre ting som verkar som eit hengselledd er dørhandtak, skapdører og hundeluker.
Spiralledd eller skrueledd er ein type hengselledd der høgda og djupna i dei motståande leddflatene saman former delar av ein spiral.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hinge joint» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2015.
- ↑ Holck, Per (13. februar 2009). «hengselledd». sml.snl.no. Store norske leksikon. Henta 23. november 2016.
- ↑ Holck, Per (13. februar 2009). «ginglymus». sml.snl.no. Store norske leksikon. Henta 23. november 2016.
- ↑ Platzer, Werner (2008); Color Atlas of Human Anatomy, volum 1, s. 28.
- ↑ Rogers, Kara (2010); Bone and Muscle: Structure, Force, and Motion, s.157.