Hopp til innhald

Helsing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velkomstønske på ulike språk. Det kan brukast for å helsa på folk av ulike nasjonalitetar på stader der det er mange utlendingar eller turistar, som lufthamner og hotell.

Helsing er formaliserte og ritualiserte måtar eller uttrykk for å innleia og avslutta kontakt med andre. Helsingar kan ha verbale eller nonverbale uttrykk, og kan ha skiftande former i ulike kulturar. Dei kan òg variera med generasjon, region eller grad av formalitet.

Ord og uttrykk

[endre | endre wikiteksten]

Visse faste ord og uttrykk blir brukte til ulike helsingar, som «velkommen» ved ein velkomst, «hei» eller «god dag/kveld/morgon» ved møte, «adjø», «farvel» eller «ha det (bra)» ved ein avskjed. Brev og annan skriftleg kommunikasjon kan ha eigne helsingar, som «kjære» ved opning og «helsing» eller «beste hels» ved avslutting.

I mange kulturar kan same ord, uttrykk eller gest brukast både ved møte og avskjed. Nokre døme er as-salamu alaykum på arabisk, aloha på hawaiisk, ciao på italiensk, namaste på hindi og shalom på hebraisk.

Deksiosis (dexiosis), handhelsing med høgre hand i gammal gresk kultur, avbilda på ein gravstein frå 400-talet f.Kr.
  • Adab – høgre hand blir halden framfor ansiktet med handbaken utover og hovudet bøygd. Dette er ein måte å visa respekt på i Sør-Asia.[1]
  • Bukk – overkroppen blir bøygd framover ved hofta, ofte i lag med at ein bøyer hovudet og ser ned. Alt etter kor formelle omstenda er kan bukk variera frå få grader (nesten berre eit nikk med hovudet) til 90° eller meir. Skikken er utbreidd i Japan.[2] Bukking blir oftast brukt av menn i vestleg kultur, medan kvinner kan neia.
  • Gǒngshǒu - eine handa held om den andre framfor brystet.[3] Dette er ein tradisjonell kinesisk helsingsmåte.
  • Handa over hjartet. Høgra hand blir plassert på brystet. Denne helsinga er utbreidd i den muslimske verda.[4][5][6][7]
  • Hattehelsing – blir oftast brukt av menn. Handa eller nokre fingrar blir ført opp til hatten, ikkje ulikt ein honnør. Tradisjonelt kunne ein løfta eller ta av seg hatten.
  • High five – to menneske hever kvar si opne hand og slår handflatane sine samen.
  • Honnør – ei militær helsing som vanlegvis består av å føra høgre hand opp til panna eller tinningen.
  • Handkyss – blir som oftast brukt av menn til å helsa på kvinner; tidlegare blei det òg brukt til å helsa på kongelege, uansett kjønn. Handa til den ein skal helsa på blir halde i eit lett grep, og knokane lett rørte med leppene.
  • Handtrykk – gjensidig grep om hendene til kvarandre (typisk høgrehanda). Hendene blir gjerne ført opp og ned ein eller fleire gonger.
  • Klapping – ein kan klappa samstundes som ein helsar med ord, i høve der ein vil visa respekt frå ei nedbøygd stilling, i Zambia, Zimbabwe og Nord-Mosambik.[2][6][7]
  • Kneling, senking av kroppen til eit eller begge knea rører bakken. Teikn på underkasting og respekt.
  • Knyttnevehelsing – lett slag mot eller kortvarig berøring av ein annan sine knytta nevar. Til forskjell frå handtrykk er ikkje denne helsinga avgrensa til høgre hand.
  • Kowtow, kneling der ein rører hovudet i bakken. Teikn på djup underkasting og respekt i det gamle Kina og kinesiskpåverkte kulturar.
  • Klem – ein stiller seg tett samen, bryst mot bryst, moglegvis òg med kinn mot kinn.
  • Kyss, røring av ein annan sine lepper, eller lepper mot eller ved kinnet
  • Namasté, samanføring av handflatene framfor brystet.[2]
  • Nasekyss, naserøring (hongi, kunik)
  • Nazihelsing (Hitlergruß) – høgre arm blir halden strakt fram frå kroppen, peikande lett oppover. Handa blir likeeins halden strakt i forlenging av armen. Typisk knytt til nazisme og Adolf Hitler sitt styre. Dette er ein nazistisk variant av romersk helsing .
  • Romersk helsing
  • Vinking – den eine eller begge hendene blir løfta med open handflate og eventuelt rørt.
  • Wai, samanføring av handflatene framfor ansiktet.[2]
  1. Gambhir, Vijay (1996). The Teaching and Acquisition of South Asian Languages. University of Pennsylvania Press. s. 87. ISBN 0-8122-3328-X. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Here’s the history behind these no-touch greetings», Travel (på engelsk), 23. mars 2020, henta 22. juni 2021 
  3. Milazzo, Joe, «10 Chinese Words With No English Equivalent», blog.tutorming.com (på engelsk), henta 22. juni 2021 
  4. Harn, Jessica, «11 Common Gestures People Use in Arab Countries», Culture Trip, henta 22. juni 2021 
  5. «Afghan Culture - Greetings», Cultural Atlas (på engelsk), henta 22. juni 2021 
  6. 6,0 6,1 «Seven Ways of Greeting Each Other Around the World», www.asmallworld.com, henta 22. juni 2021 
  7. 7,0 7,1 CNN, By Scottie Andrew, CNN Illustrations by Max Pepper, «Stop shaking hands. Do this instead», CNN (på engelsk), henta 22. juni 2021