Hello, I Must Be Going!
Hello, I Must Be Going! Studioalbum av Phil Collins | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. november 1982 | |
Innspelt | Mai til september 1982 | |
Studio |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 45:03 | |
Selskap | Virgin | |
Produsent | ||
Phil Collins-kronologi | ||
---|---|---|
Face Value (1981) |
Hello, I Must Be Going! | No Jacket Required (1985)
|
Singlar frå Hello, I Must Be Going! | ||
|
Hello, I Must Be Going! er det andre studioalbumet til den engelske musikaren Phil Collins. Det kom ut 5. november 1982 på Virgin Records i Storbritannia og på Atlantic Records i Nord-Amerika. Namnet på albumet kjem frå Marx Brothers-songen med same namn som vart nytta i filmen Animal Crackers. Etter at bandet hans, Genesis, tok ein pause seint i 1981, byrja Collins arbeidet med oppfølgjaren til det første soloalbumet hans Face Value (1981).
Hello, I Must Be Going! fekk ikkje fullt så bra kritikk som Face Value, men nådde likevel andreplassen på singellista i Storbritannia og åttandeplassen i USA. I alt gav Collins ut åtte singlar frå albumet, men det var forskjellige singlar som kom ut i forskjellige land. Den mest suksessrike singelen var den første amerikanske og den andre britiske singelen, ein versjon av «You Can't Hurry Love» av The Supremes, som gjekk til topps i Storbritannia og nådde tiandeplassen i USA. Albumet vart marknadsført med ein turne med same namn, den første turneen hans som soloartist. Collins vart nominert til ein Brit Award for beste mannlege soloartist i 1983,[1] og «I Don't Care Anymore» vart nominert til Grammyprisen for beste mannlege rockesong.
Bakgrunn og innspeling
[endre | endre wikiteksten]I desember 1981 tok bandet til Collins, Genesis, ein åtte månader lang pause etter turneen for Abacab (1981) var over. Han byrja på ein oppfølgjar til det første soloalbumet sitt, Face Value (1981), som var eit stort sett personleg album som omhandla skilsmissa med den første kona hans.[2] Collins var klar over at Hello, I Must Be Going! hadde enno fleire songar om privatlivet hans, og meinte dette kom av at han hadde dårleg samvit i høve skilsmissa og «var berre ganske enkelt sentimental om det».[3] Han skildra albumet fleire år seinare: «Om det første albumet mitt var 'Eg er skild og er ulukkeleg ... så var det neste 'Eg skal sparke denne jævelen sunt».'[4] Då han møtte den andre kona si, Jill Tavelman, og gav ut Hello, I Must Be Going!, merka Collins ei endring i låtskrivinga si: «Eg er gladare no [...] eg skriv lukkelege songar».[3]
Albumet inneheld element av ein type pop som Collins kom til å utforske vidare på det neste albumet, No Jacket Required (1985).[2] «I Cannot Believe It's True» er eit omskrive arrangement av «I Missed Again» frå Face Value.[2] Collins hadde «ein fullstendig mangel på dømekraft» då han spelte inn trommene på «Thru These Walls» sidan han spelte eit trommemønster som var likt det han hadde gjort på «In the Air Tonight» på Face Value. For han var dette den einaste samanlikninga mellom dei to albuma, trass i at han vart utpeikt for å ha koke opp att det same materiale for Hello, I Must Be Going![3]
Plateomslag
[endre | endre wikiteksten]Plateomslaget inneheld forskjellige fotografi frå familielivet til Collins, slik òg Face Value hadde gjort. Collins ønskte at albuma skulle vere eit «eit par, noko som kjendest ut som om det kom frå den same fyren».[3] Det inneheld eit bilete av den unge sonen Simon i supermannkostyme, som Collins syns var morosamt, men som gav han kritikk for å fokusere for mykje på privatlivet sitt.[3]
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Hello, I Must Be Going! kom ut 5. november 1982.[5]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [6] |
Encyclopedia of Popular Music | [7] |
Mojo | [8] |
PopMatters | 7/10[9] |
The Press | [10] |
Q | [11] |
Record Collector | [12] |
Rolling Stone | [13] |
The Rolling Stone Album Guide | [14] |
Uncut | 8/10[15] |
AllMusic-kritikaren Stephen Thomas Erlewine sa: «Phil Collins byrja å injisere den særs melodiske popmusikken sin med meir soul og R&B på det andre soloalbumet sitt, Hello, I Must Be Going! Noko av det vart ein suksess, men mykje synte at han framleis sleit med å meistre R&B-teknikkane i stilen sin.»[16] I Rolling Stone skreiv John Milward om albumet: «Den rike glansen på albumet er av den gamle, klassiske rockeskulen. Faktisk høyrest albumet ut som eit nedstrippa Genesis, dekorativt, men ikkje for pent heller.»[13]
Turné
[endre | endre wikiteksten]Collins marknadsførte albumet med ein turné i Europa og Nord-Amerika frå november 1982 til februrar 1983. Han spelte i lag med eit ni mann stort band[3] med mellom andre turnémusikarane til Gensis, Chester Thompson og Daryl Stuermer, og Phenix Horns.
Nyutgjeving
[endre | endre wikiteksten]Albumet vart gjeve ut på ny og ommastra av Steve Hoffman for Audio Fidelity i 2011, og så gjeve ut som ein del av serien Take a Look at Me Now av Collins sine studioalbum i 2016, med ei bonusplate.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Phil Collins, utanom «You Can't Hurry Love» av Holland–Dozier–Holland og «People Get Ready» og «It's All Right» av Curtis Mayfield.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «I Don't Care Anymore» | 5:00 |
2. | «I Cannot Believe It's True» | 5:14 |
3. | «Like China» | 5:05 |
4. | «Do You Know, Do You Care?» | 4:57 |
5. | «You Can't Hurry Love» | 2:50 |
6. | «It Don't Matter to Me» | 4:12 |
7. | «Thru These Walls» | 5:02 |
8. | «Don't Let Him Steal Your Heart Away» | 4:43 |
9. | «The West Side» | 4:59 |
10. | «Why Can't It Wait 'Til Morning» | 3:01 |
Total lengd: | 45:03 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «I Don't Care Anymore» (live 1982) | 6:30 |
2. | «I Cannot Believe It's True» (live 1982) | 5:29 |
3. | «Like China» (live 1985) | 5:41 |
4. | «You Can't Hurry Love» (live 1985) | 3:04 |
5. | «It Don't Matter to Me» (live 1985) | 4:23 |
6. | «The West Side» (live øving 1996) | 7:37 |
7. | «People Get Ready» (live 1982) | 3:18 |
8. | «Thru These Walls» (live 1982) | 5:03 |
9. | «It's Alright» (live 1985) | 2:22 |
10. | «Oddball» (demo av «Do You Know, Do You Care?») | 4:30 |
11. | «Don't Let Him Steal Your Heart Away» (demo) | 4:42 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Musikarar
- Phil Collins – vokal, trommer (1–9), klaverinstrument (1–4, 6, 7, 9), basspedalar (1, 4, 9), perkusjon (2, 6, 9), klapping (3), pauker (4), trompet (4), tamburin (5), marimba (7), piano (8, 10)
- Daryl Stuermer – gitarar (1–9)
- John Giblin – bassgitar (2, 3, 5, 8)
- Mo Foster – bassgitar (6, 7)
- J. Peter Robinson – piano, vibrafon og klokkespel (5)
- The Phenix Horns – blåsarar (2, 6, 9)
- Michael Harris – trompet
- Rahmlee Michael Davis – trompet
- Don Myrick – alt- og tenorsaksofon, altsaksofonsolo (2, 9)
- Louis «Louie Louie» Satterfield – trombone
- The Phenix Choir – ekstra vokal (2)
- The Mountain Fjord Orchestra – strykarar (5, 8, 10)
- Martyn Ford – strykearrangement og dirigent
- Gavyn Wright – orkesterleiar
Produksjon
- Phil Collins – produsent
- Hugh Padgham – assisterande produsent, lydteknikar
- Howard Gray – assisterande lydteknikar
- Mike Ross – lydteknikar
- Ian Cooper – mastering
- Trevor Key – fotografi
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album
[endre | endre wikiteksten]År | Lister | |||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
UK [17] |
US [18] |
CAN [19] |
AUS [20] |
NZ [21] |
GER [22] |
NOR [23] |
SPN [24] |
SWE [25] |
SWI [26] | |
1982 | 2 | 8 | 1 | 15 | 20 | 6 | 4 | 3 | 7 | 17 |
Singlar
[endre | endre wikiteksten]År | Tittel | Lister | |||||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
UK [17] |
US [27] |
US A.C. [27] |
US Rock [27] |
CAN [19] |
AUS [20] |
NZ [21] |
GER [28] |
NL Top 100 [29] |
NL Top 40</ref> | AUT [30] |
FRA [31] |
IRE [32] |
SPN [24] |
SWE [25] |
SWI [26] | ||
1982 | «Thru These Walls» | 56 | — | — | 34 | — | — | — | — | 48 | — | — | 15 | 27 | 15 | — | — |
«You Can't Hurry Love» | 1 | 10 | 9 | 24 | 9 | 3 | 9 | 3 | 1 | 1 | 3 | 3 | 1 | 11 | 6 | 3 | |
«Do You Know, Do You Care?» | — | — | — | 41 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | |
1983 | «I Don't Care Anymore» | — | 39 | — | 3 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — |
«Don't Let Him Steal Your Heart Away» | 45 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | 18 | — | — | — | |
«Why Can't It Wait 'Til Morning» | 89 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | |
«I Cannot Believe It's True» | — | 79 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | |
«It Don't Matter to Me» | — | — | — | — | — | — | — | — | 46 | — | — | — | — | — | — | — | |
«Like China» | — | — | — | 17 | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | — | |
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista eller vart gjeven ut der. |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Argentina (CAPIF)[33] | Platina | 60 000x |
Austerrike (IFPI Austerrike)[34] | Gull | 25 000x |
Frankrike (SNEP)[35] | 2× Platina | 600 000* |
Tyskland (BVMI)[36] | 2× Platina | 1 000 000^ |
Spania(PROMUSICAE)[37] | Platina | 100 000^ |
Sveits(IFPI Switzerland)[38] | Platina | 50 000x |
Storbritannia (BPI)[39] | 3× Platina | 900 000^ |
USA (RIAA)[40] | 3× Platina | 3 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hello, I Must Be Going! (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 19. mars 2020.
- ↑ http://www.brits.co.uk/history/shows/1983
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Deriso, Nick. «35 Years Ago: Phil Collins Releases Murky 'Hello I Must Be Going'». Ultimate Classic Rock. Henta 19. mars 2020.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Colbert, Paul (11 Desember 1982). «Then there was... 1». Melody Maker. s. 13, 36. Henta 19. mars 2020.
- ↑ Greene, Andy (5. desember 2019). «Phil Collins: My Life in 15 Songs». Rolling Stone. Henta 12. februar 2019.
- ↑ «BPI > Certified Awards > Search results for Phil Collins (page 2)». British Phonographic Industry. Henta 17. mars 2020.
- ↑ Sendra, Tim. «Hello, I Must Be Going! – Phil Collins». AllMusic. Henta 19. mars 2020.
- ↑ Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8.
- ↑ Chick, Stevie (April 2016). «Phil Collins: Hello, I Must Be Going!». Mojo (269): 105.
- ↑ Sawdey, Evan (19. mars 2020). «Phil Collins: 2016 Rhino Reissues (Part One)». PopMatters. Henta 19. mars 2020.
- ↑ Sime, Ian (4. april 2016). «CD review: Phil Collins, Hello I Must Be Going (Warner); Dance Into The Light (Warner)». The Press. Henta 17. mars 2020.
- ↑ Aizlewood, John (June 2016). «Phil Collins: Hello, I Must Be Going! / Dance into the Light». Q (359): 119.
- ↑ Elliott, Mark (April 2016). «Phil Collins – Hello, I Must Be Going, Dance Into The Light». Record Collector (452). Henta 17. mars 2020.
- ↑ 13,0 13,1 Milward, John (20. januar 1983). «Hello, I Must Be Going». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 18. august 2016. Henta 19. mars 2020.
- ↑ Considine, J. D. (2004). «Phil Collins». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 181–82. ISBN 0-7432-0169-8.
- ↑ Lewis, John (May 2016). «Phil Collins: Hello, I Must Be Going / Dance into the Light». Uncut (228): 90.
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «Hello, I Must Be Going! – Phil Collins». AllMusic. Arkivert frå originalen 11. januar 2013. Henta 11. januar 2013.
- ↑ 17,0 17,1 «UK Charts > Phil Collins». Official Charts Company. Arkivert frå originalen 1. august 2012. Henta 17. mars 2020.
- ↑ «Phil Collins Chart History: Billboard 200». Billboard. Henta 17. mars 2020.
- ↑ 19,0 19,1 «RPM Magazine Archives > Top Albums > Phil Collins». RPM. Arkivert frå originalen 13 Oktober 2012. Henta 19. mars 2020.
- ↑ 20,0 20,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St. Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 71. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ 21,0 21,1 «charts.nz – Diskografi Phil Collins». charts.nz Hung Medien. Henta 17. mars 2020.
- ↑ «Chartverfolgung / Collins, Phil / Longplay». musicline.de PhonoNet. Arkivert frå originalen 1. august 2012. Henta 19. mars 2020.
- ↑ «Norwegian Charts > Phil Collins». norwegiancharts.com Hung Medien. Arkivert frå originalen 2. november 2012. Henta 19. mars 2020.
- ↑ 24,0 24,1 Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959-2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ 25,0 25,1 «Swedish Charts > Phil Collins». swedishcharts.com Hung Medien. Arkivert frå originalen 25. februar 2012. Henta 17. mars 2020.
- ↑ 26,0 26,1 «Swiss Charts > Phil Collins». swisscharts.com Hung Medien. Arkivert frå originalen 18. februar 2010. Henta 17. mars 2020.
- ↑ 27,0 27,1 27,2 «Phil Collins Chart History». Billboard. Henta 17. mars 2020.
- ↑ «Chartvefolgung / Collins, Phil / Single». musicline.de PhonoNet. Arkivert frå originalen 1. august 2012. Henta 19. mars 2020.
- ↑ «dutchcharts.nl > Phil Collins». dutchcharts.nl Hung Medien. Henta 17. mars 2020.
- ↑ «Austrian Charts > Phil Collins». austriancharts.at Hung Medien. Arkivert frå originalen 1. januar 2011. Henta 17. mars 2020.
- ↑ «Les Charts > Phil Collins». lescharts.com Hung Medien. Arkivert frå originalen 30 Desember 2011. Henta 17. mars 2020.
- ↑ «Irish Charts > Phil Collins». irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 3. juni 2009. Henta 19. mars 2020.
- ↑ «Discos de oro y platino» (på spansk). Cámara Argentina de Productores de Fonogramas y Videogramas. Arkivert frå originalen 6. juli 2011. Henta 19. mars 2020.
- ↑ «Austrian album salstrofé – Phil Collins – Hello, I Must Be Going!» (på tysk). IFPI Austerrike. Henta 19. mars 2020. Enter Phil Collins in the field Interpret. Enter Hello, I Must Be Going! in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
- ↑ «French album salstrofé – Phil Collins – Hello, I Must Be Going!» (på fransk). InfoDisc. Henta 19. mars 2020. Select PHIL COLLINS and click OK
- ↑ «Gold-/Platin-Datenbank (Phil Collins; 'Hello, I Must Be Going!')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. Henta 19. mars 2020.
- ↑ «Spanish album salstrofé – Phil Collins – Hello, I Must Be Going!» (PDF) (på spansk). Productores de Música de España. Henta 19. mars 2020.
- ↑ «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Phil Collins; 'Hello, I Must Be Going!')». Hung Medien. Henta 19. mars 2020.
- ↑ «British album salstrofé – Phil Collins – Hello, I Must Be Going!». British Phonographic Industry. Henta 19. mars 2020. Enter Hello, I Must Be Going! in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – Phil Collins – Hello, I Must Be Going!». Recording Industry Association of America. Henta 19. mars 2020. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH