Heidi Sørensen
Utsjånad
Heidi Sørensen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. februar 1970 (54 år) Levanger kommune |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Verv | Leiar i Natur og Ungdom |
Periode | 1993-1994 |
Føregangar | Åsne Berre Persen |
Etterfylgjar | Lars Haltbrekken |
Politisk parti | Sosialistisk Venstreparti |
Medlem av | Natur og Ungdom |
Ektefelle | Olav Gunnar Ballo |
Heidi Sørensen på Commons |
Heidi Sørensen (fødd 14. februar 1970 i Levanger i Nord-Trøndelag) er ein norsk politikar frå Sosialistisk Venstreparti. 18. oktober 2007 vart ho statssekretær i Miljøverndepartementet, der ho etterfylgde Henriette Westhrin.
Ho vart vald inn på Stortinget frå Oslo i 2001, er vararepresentant i perioden 2005–2009, og møtte fast for Kristin Halvorsen inntil ho vart statssekretær i Miljøverndepartementet i oktober 2007. Etterfylgjaren hennar som møtande vararepresentant er Akhtar Chaudhry.
Heidi Sørensen var leiar av Natur og Ungdom frå 1993 til 1994 og Norges Naturvernforbund frå 1995 til 1998. Ho fekk Ole Vig-prisen i 1995.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2001–2005 medlem av Samferdselskomiteen.
- 2001–2005 varamedlem av Den utvida utanrikskomiteen.
- 2005–2009 medlem av Energi- og miljøkomiteen.