Hopp til innhald

Hebraisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hebr.)
Hebraisk
עִבְרִית‎, ivrit
Klassifisering Afro-asiatisk
 Semittisk
  Vestsemittisk
   Sentralsemittisk
    Nordvestsemittisk
     Kanaanittisk
      Hebraisk
Bruk
Hebraisktalande i alt ca. 20 millionar
Språkkodar
ISO 639-1 he
ISO 639-2 heb
Glottolog hebr1246
Hebraisk

Hebraisk (hebraisk עִבְרִית [‘ib'rīt]) er eit vest-semittisk språk, nært i slekt med arameisk og arabisk. Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tanákh, eller den hebraiske Bibelen. Seinare utviklingsstadium inkluderer misjnaisk hebraisk og rabbinsk hebraisk. Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk er, ved sida av arabisk, offisielt språk i Israel. Hebraisk blir skriven med det hebraiske alfabetet.

Bibelsk hebraisk

[endre | endre wikiteksten]

Bibelsk hebraisk er hovudspråket i Tanákh, eller den hebraiske Bibelen/Det gamle testamentet. Bibelsk hebraisk er særprega av eit etter måten komplekst verbsystem og utbreidd bruk av pronominale endingar. Ei tydeleg utvikling kan sjåast frå det heller enkle språket i Toráen til dei meir komplekse uttrykksformene med større ordforråd og meir indirekte/poetiske uttrykksformer i Profetane og Skriftene.

Misjnaisk og rabbinsk hebraisk

[endre | endre wikiteksten]

I perioden etter det babylonske eksilet ser vi ei tydeleg auke i påverknaden frå arameisk i form av lånord og i form av grammatisk forenkling av ein type som er typisk for fleirspråklege samfunn. Det er uklart i kva grad hebraisk framleis var aktivt som morsmål eller ikkje — men hebraisk var definitivt i stadig bruk og under språkleg utvikling. Det hebraiske språket som vi ser det i Misjná har eit noko enklare infleksjonssystem og fonologisk system enn hebraisk og mange lånord frå arameisk, persisk, gresk og latin (eks.: פמיליא pammíleyá (frå latin familia)).

Moderne/israelsk hebraisk

[endre | endre wikiteksten]

Israelsk hebraisk eller moderne hebraisk blir gjerne betrakta som «attoppliva» av Eliezer ben-Yehuda.

Tre syn på israelsk hebraisk

[endre | endre wikiteksten]

Eit relativt utbreitt syn er det åt den konservative leiren som hevdar at israelsk hebraisk er eit reint semittisk språk, og at alle avvik frå bibelsk hebraisk er å rekna for substandard variasjon.

Lingvisten Paul Wexler (forfattar av dei kontroversielle bøkene The Schizoid Nature of Modern Hebrew: A Slavic Language in Search of a Semitic Past (1991), The Ashkenazic Jews: A Slavo-Turkic People in Search of a Jewish Identity (1993), og The Non-Jewish Origins of the Sephardic Jews (1996)) representerer den revisjonistiske leiren som hevdar at moderne hebraisk eigentleg er jiddisch med hebraisk vokabular — og i tillegg at jiddisch eigentleg er eit slavisk språk.

Lingvisten Ghil‘ad Zuckermann (D.Phil., Oxford; forfattar av Language Contact and Lexical Enrichment in Israeli Hebrew (2003)[1]) meiner at israelsk hebraisk (som han kallar for 'israelsk') er eit semittisk/indoeuropeisk hybridspråk med hebraisk og jiddisch som primære utgangsspråk, og språk som russisk, polsk, engelsk, djudíospanjol (òg nokre gonger misvisande kalla «ladino») og arabisk som sekundære kjelder.