Hartvig Kiran
Utsjånad
Hartvig Kiran | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 3. november 1911 |
Død |
15. august 1978 (66 år) |
Yrke | omsetjar, lyrikar, skribent |
Ektefelle | Anna-Karin Kiran |
Born | Yngvil Kiran, Stein Kiran |
Hartvig Kiran (3. november 1911–15. august 1978) var ein norsk forfattar, lyrikar og komponist frå Ålesund. Han voks opp i Sorenskriver Bulls gate 56.
Kiran var oppteken av å få kultur ut til folket. Han var sentral i Visens Venner, og var tilsett i NRK der han lenge presenterte Ønskediktet som alltid vart introdusert med Kiran si omsetjing av Auld Lang Syne. I tillegg til å skriva eigne dikt, omsette han teaterstykke og musikalar som Hamlet og Macbeth.
Under andre verdskrigen var han i eksil i England frå 1941 til 1945, og arbeidde då ved den norske avdelinga til BBC.
Utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- I 1960 fekk Kiran Bastianprisen for å ha omsett ei diktsamling av Robert Burns til nynorsk.
- I 1963 fekk han Melsom-prisen.
- I 1978, same året som han døydde, vart Kiran tildelt Kringkastingsprisen for nynorskbruk/dialektbruk i media.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bøker av Hartvig Kiran digitalisert hjå Nasjonalbiblioteket
- Dottera Yngvil Kiran om faren.
- Mottakarar av Kringkastingsprisen.