Harald Lie
Utsjånad
Harald Lie | |||
Fødd | 21. november 1902 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Oslo | ||
Død | 23. mai 1942 (39 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Opphav | Noreg | ||
Verka som | komponist |
Harald Lie (21. november 1902–23. mai 1942) var ein norsk toneskapar frå Oslo.
Lie gjekk i lære hos Fartein Valen frå 1930. Han debuterte i 1935 med verket «Elegi» for baryton og orkester. Lie laga i 1937 og 1938 to symfoniar, dessutan songar for mannskor og damekor. «Symfonisk dans» låg ufullenda det året han døydde.
Musikalsk var Lie påverka av tysk seinromantikk, etter kvart også av norsk folkemusikk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957