Haparanda
Utsjånad
65°50′2.3892″N 24°7′43.403″E / 65.833997000°N 24.12872306°E
Haparanda | |||
by | |||
Haparanda Stadshotell
| |||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Areal | 615 km² | ||
Folketal | 6 583 (31. desember 2020) | ||
Haparanda 65°50′03″N 24°07′01″E / 65.834178177938°N 24.117032965922°E | |||
Wikimedia Commons: Haparanda |
Haparanda (finsk Haaparanta) er ein by i Norrbottens län i landskapet Norrbotten i Sverige. Den er administrasjonssenter for Haparanda kommun og i 2005 hadde byen 4 778 innbyggjarar.
Haparanda fekk bystatus i 1842. Han ligg ved finskegrensa ved Bottenviken og er den austlegaste byen i Sverige. Like over grensa, som går langs Torne älv, ligg den finske byen Torneå (finsk: Tornio). Dei to byane på kvar side av riksgrensa vert ofte rekna som ein samanvaksen by, og vert gjerne omtalt som Haparanda-Torneå.
Haparandabanan knyter Haparanda til det svenske og det finske jarnbanenettet. I 2000 vart persontrafikken lagt ned på bana og i dag er det berre godstrafikk på strekninga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Haparanda» frå Wikipedia på bokmål, den 2. juli 2012.