Hopp til innhald

Hanukkijá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein hanukkijá av messing for stearinlys. Den ekstra, niande, arma i midten er den såkalla sjammásjen.

Ein hanukkijá (hebraisk חֲנוּכִּיָּיה ḥănukkijjā), òg kalla hanukká eller hanukka-menora, er den niarma lysestaken som blir bruka under den jødiske lysfesten hanukká som blir feira i åtte dagar kring nymåne i desember.

Det finst to hovudtypar hanukkijá — den eldste typen er ei fleirarma oljelampe, og den vanlegaste typen i dag er ein lysestake for stearinlys eller vokslys.