Hans Fallada
Rudolf Ditzen | |
Pseudonym | Hans Fallada |
Nasjonalitet | tysk |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 1893 Greifswald |
Død |
1947 (54 år) |
Yrke | Journalist, gardsarbeidar |
Påverka av | Gustave Flaubert, Fjodor Dostojevskij, Charles Dickens |
Periode | 1920-1947 |
Rørsle | Den nye saklegdomen |
Sjanger | Roman |
Debut | 1920 |
Hans Fallada på Commons |
Hans Fallada (fødd Rudolf Ditzen, fødd 21. juli 1893 i Greifswald, død 5. februar 1947 i Berlin) var ein tysk forfattar. I sine politisk-sosiale romanar skildra han med skarp observasjonsevne, subtil humor og virtuos forteljarteknikk storbymiljøet i byrjinga av 1930-åra, der arbeidarar og småborgarar slit med kvardagslege problem i Weimarrepublikken. Mellom dei mest kjende bøkene hans er gjennombrotsromanen Hva nå, lille mann? (1932) og Alle dør alene (1947). Bøkene hans blei omsett til fleire språk, også norsk. Attåt den skjønnlitterære produksjonen skreiv han òg to sjølvbiografiar. Stilmessig høyrde han til den såkalla Neue Sachlichkeit, med presise detaljar og journalistisk attgjeving av fakta.[1] Fallada sitt forfattarpseudonym er ein kombinasjon av karakterar frå to av brørne Grimm sine folkeeventyr.
Oppvekst
[endre | endre wikiteksten]Hans Fallada var son av ein magistrat med von om å bli høgsterettsdommar og ei mor med middelklassebakgrunn, som båe var glade i musikk, og i ein viss grad også i litteratur. Faren las ofte høgt for borna sine frå verka til forfattarar som Shakespeare og Schiller.
I 1899, då Fallada var seks, flytta familien til Berlin som følgje av at faren blei forfremja. Fallada hadde ei vanskeleg tid etter at han byrja på skulen i 1901. Han fordjupa seg i bøker, men las heller forfattarar som Flaubert, Dostojevskij og Dickens enn barnebøker. I 1909 flytta familien igjen. Denne gongen til Leipzig, som følgje av farens forfremjing til høgsteretten.
Ei alvorleg trafikkulykke i 1909 - han blei nedrent av ei hestevogn og sparka i hovudet av hesten - og at han blei smitta av tyfus i 1910 ser ut til å markere eit vendepunkt i Fallada sitt liv og ein relativt problemfri oppvekst. Ungdomsåra var prega av tiltakande isolasjon og dårleg sjølvtillit, attåt dei langvarige verknadene av ulykka og sjukdommen. Vidare byrja dei livslange rusproblema hans med den smertestillande medisinen han tok grunna skadane. Desse problema manifesterte seg i fleire sjølvmordsforsøk.
I 1911 gjorde han ei pakt med den nære venen Hans Dietrich om å arrangere ein duell for å maskere sjølvmorda deira, og tenkte at dette ville framstå som meir ærefullt. Båe gutane var urøynde med våpen og det blei ein klumsete duell. Dietrich bomma på Fallada, medan Fallada trefte og drap Dietrich. Fallada var opprørt og skaut seg sjølv i brystet, men overlevde. Han blei funnen strafferettsleg utilrekneleg og hamna på mentalsjukehus. På ein av desse institusjonane blei han sett til å arbeide på eit gardstun. Dette blei startpunktet for ein livslang lidenskap for bondekultur. Fallada sa seinare om seg sjølv at han aldri blei eit verkeleg bymenneske.[2]
Forfattarkarrieren og det tredje riket
[endre | endre wikiteksten]Medan Fallada var på mentalsjukehus byrja han å skrive omsetjingar og poesi, men lukkest ikkje litterært før han debuterte som forfattar med boka Der junge Goedeschal. I denne perioden sleit han også med morfinavhenge og veslebrorens død i første verdskrigen.
I kjølvatnet av krigen arbeidde Fallada som gardsdreng og i andre landbruksyrke for å livnære seg sjølv og finansiere utgiftene til dei veksande rusmiddeltrongen. Før krigen levde Fallada på pengar frå faren medan han skreiv, men etter det tyske nederlaget var han ikkje lenger i stand til, eller villig til, å vere avhengig av farens støtte. Kort tid etter utgjevinga av Anton und Gerda, fekk Fallada ei seks månader lang fengselsstraff for å ha stole korn frå arbeidsgjevaren sin for å tene pengar til rusmisbruket. Mindre enn tre år seinare, i 1926, blei Fallada igjen fengsla som følgje av ei rad tjuveri frå arbeidsgjevarar grunna alkohol- og narkotikaproblema. I februar 1928 blei han endeleg kvitt avhenga.
I 1929 gifta Fallada seg med Suse Issel og hadde fleire respektable stillingar. Han arbeidde i aviser og etterkvart for Rowohlt, utgjevaren av bøkene hans. Fallada hadde eigentleg gjeve opp forfattaryrket etter at den førre romanen hans ikkje blei ein suksess, men etter å ha møtt Rowohlt under ei reise til Sylt, byrja han å skrive bøker igjen.[2] Det er om lag på denne tida at romanane hans blir merkbart meir politiske og byrjar å kommentere dei sosiale og økonomiske vanskane Tyskland var inne i. Bauern, Bonzen und Bomben frå 1930-31 etablerte Fallada som eit lovande litterært talent og som ein forfattar som ikkje var redd for å ta opp kontroversielle problemstillingar.[3] Den britiske poeten og litteraturvitaren Martin Seymour-Smith meinte romanen var ein av Falladas aller beste.[4]
Gjennombrotsromanen Hva nå, lille mann? blei ein stor suksess og gjorde den økonomiske situasjonen hans meir overkomeleg, men blei overskugga av uroa hans over nazismens framvekst og eit påfølgjande nervøst samanbrot. Jamvel om ingen av bøkene hans blei sett på som samfunnsnedbrytande nok til at nazistane såg grunn til å føreta seg noko, blei mange av kollegaene hans arresterte, og framtida hans som forfattar under naziregimet såg ikkje lys ut. I tillegg til desse uromomenta opplevde han å miste eit barn berre få timar etter at det blei fødd. Samstundes var det ei oppmuntring at Hva nå, lille mann blei ein stor suksess i Storbritannia og Sambandsstatane, der ho vart ein bestseljar. Hollywood filmatiserte boka i 1934. Fordi filmen hadde jødiske produsentar byrja styresmaktene i Tyskland å halde betre auge med Fallada. Samstundes mista mange tyske forfattarar karrieren, og i somme tilfelle livet. Fallada blei granska nøyare av nazistane i form av fordømming av bøkene hans av nazistiske forfattarar og publikasjonar, som også merka seg at han ikkje hadde teke opp medlemskap i NSDAP. Påska 1933 blei han fengsla av Gestapo for «antinazistisk verksemd» etter ei slik fordømming, men blei lauslaten i løpet av ei veke etter at ein hadde ransaka heimen hans utan resultat.
Jamvel om romanen Wir hatten mal ein Kind frå 1934 i utgangspunktet fekk gode kritikkar fordømte den offisielle NSDAP-publikasjonen Völkischer Beobachter boka. Same året tilrådde ministeriet for offentleg opplysning og propaganda fjerning av Hva nå, lille mann frå alle offentlege bibliotek.[5] Den offentlege kampanjen mot Fallada gjorde at salstala hans fall, og medverka til finansielle vanskar som kom til å påskunde enda eit nervøst samanbrot i 1934.
I september 1935 blei Fallada offisielt erklært som ein «uønskt forfattar», ein merkelapp som gjorde det forbode å omsetje eller gje ut verka hans i utlandet. Jamvel om denne ordren blei kalla attende eit par månader seinare, blei det eit vendepunkt for skrivinga hans, som frå no av først og fremst var ein måte å få inntekter på. Han skreiv no harmlause barneforteljingar og eventyr som passande nok også unngjekk merksemd frå styremaktene. På denne tida vurderte han stadig å emigrere, men var nølande grunna sin elsk for Tyskland.
I 1937 markerte utgjevinga og suksessen med boka Wolf unter Wölfen ei mellombels attendevending til den seriøse, realistiske stilen. dei nazistiske styremaktene las boka som ein kvass kritikk av Weimar-republikken, og godkjende derfor boka. Joseph Goebbels omtala ho tilmed som «ei super bok».[6] Goebbels si interesse for Fallada sine arbeid kom til å gjere forfattaren engsteleg: han føreslo etterkvart at Fallada skulle skrive ein antisemittisk traktat, og rosen frå førstnemnde resulterte i at han fekk i oppdrag å skrive ein roman som skulle vere grunnlaget for ein statssponsa film som skulle framstille livet til ein tysk familie fram til 1933.
Boka, Der eiserne Gustav, skildra tapa og vanskane som den den første verdskrigen medførte, men etter å ha saumfart manuskriptet føreslo Goebbels at Fallada strekte tidslinja til å inkludere den nazistiske maktovertakinga og skildre nazismen som løysinga på problema knytt til krigen og Weimar-republikken. Fallada skreiv fleire ulike versjonar før han til slutt gav etter under presset frå Goebbels og ein dårleg privatøkonomi. Andre prov på kapituleringa hans overfor trugsmål frå styremaktene kom i form av føreord han med tida skreiv til to av dei meir politisk ambivalente verka sine. Der skreiv han i korte avsnitt at hendingane i bøkene tok plass før maktovertakinga til nazistane og heilt tydeleg «hadde som føremål å ikkje vekkje oppsikt hjå nazistyret».[7]
I slutten av 1938, trass i at styremaktene hadde teke livet av fleire av kollegane hans, gjekk Fallada endeleg bort frå tanken på å emigrere. Den britiske utgjevaren hans, George Putnam, hadde gjort mange førebuingar og sendt ein båt for å hente Fallada og familien hans. I følgje Jenny Williams, hadde Fallada faktisk pakka saman tinga sine og tatt dei ut i bilen når han sa til kona si at han ville gå ein siste tur kring småbruket deira. Når han kom attende erklærte han at han ikkje kunne forlate Tyskland.
Denne tilsynelatande bråe avgjersla fall saman med ei indre overtyding som Fallada lenge hadde hatt. Fleire år tidlegare hadde han sannkjenna overfor ein kjenning at han «aldri kan skrive på eit anna språk, eller leve ein annan stad enn Tyskland.»[8]
Andre verdskrigen
[endre | endre wikiteksten]Fallada vigde seg igjen til å skrive barneforteljingar og anna ikkje-politisk materiale som unngjekk merksemd frå styremaktene. Felttoget i Polen i 1939 og det følgjande utbrotet av den andre verdskrigen gjorde uansett at livet til Fallada og familien blei vanskelegare. Utdelinga av krigsrasjonar førte til krangling mellom familien hans og andre i landsbyen der han budde. Ved fleire høve rapporterte grannar om det påståtte rusmisbruket, og truga med å avsløre den mentale sjukdomshistoria hans til styremaktene, som kunne vere farleg under nazistyret.
Rasjoneringa av papir, som prioriterte statsstøtta verk var også ei hindring for skrivinga hans. Likevel heldt han i avgrensa grad fram med å gje ut bøker. Han naut tilmed ei stutt tid med offisiell godkjenning frå styremaktene. Dette endra seg brått i slutten av 1943 fordi Rowohlt, utgjevaren hans gjennom 25 år, rømde landet. Det var også på denne tida han slo seg på alkoholen og utruskap for å takle, mellom anna, det etterkvart vanskelege forholdet til kona.
I 1944, jamvel om skilsmissa deira allereie var gjennomført, var Fallada og kona hans involvert i ein krangel kvar Fallada i følgje kona losna skot. Ho tok pistolen frå han og slo Fallada i hovudet med han før ho tilkalla politiet, som sendte han til ein psykiatrisk institusjon. (Politiets dokumentasjon av krangelen nemnar ikkje at nokon skot blei losna.) Gjennom denne perioden klamra Fallada seg til eit prosjekt som han hadde kome på for å sleppe unna Goebbels sitt krav om å skrive ein antisemittisk roman.
Det involverte å i romanform framstille ein vidgjeten svindelsak frå 20-talet utført av to jødar. Grunna prosjektet sitt potensiale som propaganda, blei det støtta av regjeringa og letta presset på han medan han arbeida med andre, meir oppriktige prosjekt.[9] Medan han var på mentalsjukehus brukte han dette prosjektet som eit påskot for å få tak i papir og skrivemateriale, sidan han hadde ei oppgåve å fullføre for Goebbels. På denne måten unngjekk han hardare handsaming: Mentalt sjuke blei vanlegvis offer for barbarisk handsaming av nazistane, inkludert fysisk misbruk, sterilisering og tilmed død. Men heller enn å skrive ein anti-jødisk roman, brukte Fallada papirforsyninga si til å skrive- i eit tett, overlappande manuskript som koda teksten - romanen Der Trinker, ei djupt kritisk sjølvbiografisk skildring av livet hans under nazistyret. Det var ei handling som kunne ført til dødsstraff, men han blei ikkje oppdaga, og blei lauslaten i desember 1944 medan nazistyret var i ferd med å falle saman.
Liv etter krigen
[endre | endre wikiteksten]Trass i ei tilsynelatande vellukka forsoning med den første kona si, kom han til å gifte seg med den unge, rike og attraktive enkja Ulla Losch berre eit par månader etter lauslatinga og flytta inn hjå ho i Feldberg i Mecklenburg. Kort tid etter rykte sovjetarane inn og byrja å skape orden igjen. Fallada, som var ein kjendis, blei beden om å halde ein tale i ein seremoni som makrerte krigens slutt. I etterkant av talen blei han innsett som mellombels ordførar i Feldberg i atten månader.
Tida på mentalinstitusjon hadde vore ei påkjenning for Fallada, og han blei deprimert av den tilsynelatande umoglege oppgåva med å fjerne spora frå nazismen som no var så djupt rotfesta i samfunnet. Han byrja igjen med morfin saman med kona, og båe enda snart opp på eit sjukehus. Han oppheldt seg i resten av den korte levetida si inn og ut frå sjukehus og sjukeavdelingar. Losch si avhenge til morfin ser ut til å ha vore verre enn for Fallada, og den stadig aukande gjelda hennar var enda ei grunn for engsting.
Død og ettermæle
[endre | endre wikiteksten]På tidspunktet for Fallada sin død i februar 1947 hadde han nettopp fullført Alle dør alene (Jeder stirbt für sich allein), ein anti-nazistisk roman som var basert på den sanne historia om eit tysk par, Otto og Elise Hampel, som blei avretta for å produsere og spreie antinazistisk materiale i Berlin under krigen.[10] I følgje Jenny Williams skreiv han boka i løpet av berre 24 dagar. Fallada døydde berre eit par veker før utgjevinga. Han blei gravlagt i Pankow, ein bydel i Berlin, men blei seinare flytta til Carwitz, kvar han budde frå 1933 til 1944. Etter krigen blei mange av dei upubliserte arbeida hans tapte eller selde, moglegvis grunna forsøming og rusproblema til den andre kona og einaste arvingen hans.
Andre tyske forfattarar som hadde emigrert frå landet når nazistane kom til makta kjente avsky for kollegaer som Fallada som hadde blitt verande, og utsette arbeida sine for dei nazistiske styremaktene. Den mest merkverdige av desse var Thomas Mann, som tidleg hadde flykta frå Tyskland og budd utanlands. Han fordømte forfattarar som Fallada, som jamvel om dei var motstandarar av regimet aksepterte å endre verka sine. Dette meinte Mann øydela verka deira, og han såg derfor på alle utgjevne bøker i Tyskland mellom 1933 og 1945 som verdilause.[11]
Fallada heldt fram med å vere ein populær forfattar i Tyskland, men var i mange tiår lite kjend i utlandet. Dei seinare åra har han derimot fått meir merksemd, og bøkene hans blei mellom anna relansert i Storbritannia og USA frå og med 2009. Alle dør alene blei utgjeve på norsk av Dinamo Forlag i 2011, omsett av Nina Zandjani. Boka fekk gode kritikkar [12][13], og bokmeldar Karsten Alnæs i Dag og Tid skildra ho som «...kan hende den beste romanen om nazismens kvardagsinferno og den allmenne vondskapen som nokon gong er skriven.»[14]
Hans Fallada-prisen, ein litteraturpris som blir gjeven av byen Neumünster, er oppkalla etter Fallada.
Verk
[endre | endre wikiteksten]- Der junge Goedeschal, 1920, roman
- Anton und Gerda, 1923, roman
- Bauern, Bonzen und Bomben, 1931, roman
- Kleiner Mann - was nun? 1932, roman. Norsk oms. 1933 ved Arnulf Øverland: Hvad nu, unge mann?. Ny norsk oms. 2013 ved Nina Zandjani: Lille mann - hva nå?
- Wer einmal aus dem Blechnapf frißt, 1932, roman. Norsk oms. ved Arnulf Øverland 1934: Den som engang har spist av blikkfatet
- Wir hatten mal ein Kind, 1934, forteljingar. Norsk oms. ved Hans Heiberg 1935: Vi ventet et barn.
- Märchen vom Stadtschreiber, der aufs Land flog, 1935. Norsk oms. ved Øverland 1936: Skriveren som blev til en spurv
- Altes Herz geht auf die Reise, 1936, roman. Norsk oms. 1936: Livet banker på hos professor Kittguss
- Hoppelpoppel - wo bist du? 1936, forteljingar for barn
- Wolf unter Wölfen, 1937, roman. Norsk oms. 1938 ved Hans Heiberg: I en ulvetid
- Geschichten aus der Murkelei, 1938, eventyr
- Der eiserne Gustav, 1938, roman. Norsk oms. 1940: Hackendahl gir sig ikke
- Süßmilch spricht, 1938, barnebok
- Kleiner Mann - großer Mann, alles vertauscht, 1939, roman
- Der ungeliebte Mann, 1940, roman. Norsk oms. 1941: Ikke av kjærlighet
- Das Abenteuer des Werner Quabs, 1941, roman
- Damals bei uns daheim, 1943, memoarar Norsk oms. 1943 Hans Heiberg: "Hjemme hos oss".
- Heute bei uns zu Haus, 1943, memoarar.
- Der Trinker, 1944 Norsk oms. "På kant med livet" 1953 ved Andreas Eriksen
- Fridolin der freche Dachs, 1944
- Jeder stirbt für sich allein, 1947. Norsk oms. 1954 ved Andreas Eriksen: Den veien du går alene. Ny norsk oms. 2011 ved Nina Zandjani: Alle dør alene
- Der Alpdruck, 1947 Norsk overs. "Marerittet".
- Zwei Lämmchen weis wie Schnee, 1948, forteljing
- Ein Mann will nach oben, 1953, roman. Norsk oms. 1956: På godt og ondt
- Die Stunde, eh´du schlafen gehst, 1954, roman
- Junger Herr - ganz groß, 1965, roman
- Frühe Prosa in zwei Bänden, 1993
- Der Jungherr von Strammin, 1996, roman
- Drei Jahre kein Mensch, Strafgefangener Zelle 32, 1998,
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«Hans_Fallada» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Hans Fallada» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Williams, Jenny. More Lives than One: A Biography of Hans Fallada, 1998. ISBN 978-1-870352-38-3
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Matthew Beaumont. Concise Companion to Realism, page 151. John Wiley and Sons, 2010.
- ↑ 2,0 2,1 Arnulf Øverland (1970). «Forord». Hva nå - lille mann?. Den norske Bokklubben. s. 5.
- ↑ Williams, 109.
- ↑ Martin Seymour-Smith, Guide to Modern World Literature, page 600
- ↑ Williams, 164.
- ↑ Williams, 186.
- ↑ Williams, 197.
- ↑ Larson, Erik, "In The Garden of Beasts," Crown Publishers, 2011, p. 271
- ↑ Williams, 216.
- ↑ Williams, 254.
- ↑ Larson, Erik, “In The Garden of Beasts," Crown Publishers, 2011, p. 273
- ↑ Dvergsdal, Arne (13.06.2011). «Slik var hverdagslivet i Hitlers hovedstad» (nettavis). Dagbladet. Henta 11. mars 2012.
- ↑ Helmich Pedersen, Frode (30. mai 2011). «Dødelige postkort». Bergens Tidende. Henta 11. mars 2012.
- ↑ Karsten Alnæs (2012). «Eit kvardagsinferno under nazismen». Dag og Tid (8): 29.