Hang on to Yourself
Hang Onto Yourself Singel av Arnold Corns | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | August 1972 | |
Innspelt | 25. februar 1971, Radio Luxembourg studios i London | |
Sjanger | Glamrock, protopunk | |
Lengd | 2:51 | |
Selskap | B&C Records | |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Arnold Corns-kronologi | ||
Moonage Daydream (1971) |
Hang Onto Yourself | |
David Bowie-kronologi | ||
«Starman» (1972) |
Hang Onto Yourself | «John, I'm Only Dancing» (1972)
|
Hang On to Yourself Song av David Bowie frå albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars | ||
Utgjeve | 16. juni 1972[1] | |
Innspelt | November 1971 | |
Sjanger | Glamrock[2] | |
Lengd | 2:38 | |
Selskap | RCA | |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | David Bowie og Ken Scott |
«Hang On to Yourself» er ein song skriven av David Bowie i 1971 og gjeven ut som singel under namnet Arnold Corns. Ei ny-innspeling av songen vart gjeven ut på albumet The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars. Hovudriffet er ganske representativt for korleis glamrock knytte ei bru mellom rock and roll frå fortida og punk i (då) framtida. Han er i liknande stil som Eddie Cochran, me har likevel den særeigne stilen som skulle nyttast i mange punksongar, som «Teenage Lobotomy» av Ramones.
Arnold Corns-versjonen
[endre | endre wikiteksten]I 1971 reiste Bowie til Amerika for første gongen, og «Hang Onto Yourself» var eit resultat av denne første reisa. Det er ein rock and roll, groupie sex-song som først vart spelt inn på ei innspeling der Bowie møtte Gene Vincent.[3] Tom Ayers hadde introdusert Bowie og Vincent i Los Angeles, og ifølgje somme kjelder skal Vincent ha jamma med Bowie på ein studiodemo av «Hang Onto Yourself», medan andre kjelder hevdar han ikkje spelte med Bowie. Uansett skulle Bowie nytte ein av scenerørslene til Vincent, der han sit på huk ved mikrofonen med ein fot bak seg, under Ziggy Stardust-konsertane.[3] Vincent døydde av eit magesår kring åtte månader seinare.
Då Bowie kom attende til Storbritannia med demoen sin av «Hang Onto Yourself», som då berre var ei skisse med eit enkelt vers, eit refreng og det som skulle bli gitarriffet i songen. Bowie nytta songen i det første utkastet til prosjektet hans om å lage ei «falsk rockestjerne», der han skreiv og produserte songar for eit collegeband frå Dulwich kalla The Arnold Corns. Både demoen og Corns-versjonen er blitt kalla uferdig og med eit minutt med stønn og grynting i slutten av songen kan det verke som om Bowie igjen parodierte Marc Bolan.[3]
Hovudriffet i «Hang Onto Yourself» verkar å vere stolen frå «Fire Brigade» av The Move, som igjen stal riffet frå Eddie Cochran sin «Something Else». Tradisjonen fortsette då Sex Pistols nytta delar av «Hang Onto Yourself» på «God Save the Queen».[3]
Arnold Corns-versjonen av «Hang Onto Yourself» vart spelt inn i Radio Luxembourg studio den 25. februar 1971[4] og først gjeve ut av B&C som B-side til singelen «Moonage Daydream» i Storbritannia den 7. mai 1971.[5] Den 11. august 1971 vart han gjeven ut på ny, denne gongen som A-side med B-sida «The Man in the Middle».[6]
- «Hang On to Yourself» - 2:55
- «The Man in the Middle» - 4:20
- Musikarar
- David Bowie: vokal, piano
- Freddi Buretti: vokal
- Mark Carr-Pritchard: gitar
- Peter DeSomogyi: bass
- Tim Broadbent: trommer, tamburin
Well the bitter comes out better on a stolen guitar
You're the blessed, we're the Spiders from Mars
Den offisielle besetninga i bandet, fronta av kjoledesigneren Freddi Buretti, var fabrikert. Buretti deltok på innspelinga, men bidraga hans drukna ved sidan av Bowie.
Arnold Corns-versjonen vart gjeven ut som bonusspor på Rykodisc/EMI-utgåva av The Man Who Sold the World i 1990. I 2002 vart Arnold Corns-versjonen gjeven ut på bonusdisken på Ziggy Stardust 30th 2CD Anniversary Reissue.
Albumversjonen
[endre | endre wikiteksten]Bowie sette saman bandet sitt med Mick Ronson, Woddy Woodmansey og Trevor Bolder og gjennom det meste av 1971 øvde bandet hardt, ofte heile natt i eit rom over ein pub i Beckenham. Gjennom månadane forma dei Bowie sine forsøksvise rockesongar som «Hang Onto Yourself» til hardare rockesongar. Albumversjonen av «Hang Onto Yourself» for Ziggy Stardust er raskare og meir dynamisk. Akkordstrukturen er flytta opp eit toneart. Teksten til Bowie er frekkare («she’s a funky-thigh collector», «we move like tigers on vaseline») og Bowie hintar meir i refrenget i staden for å rope det ut.
Albumversjonen av songen vart spelt inn i november 1971 i Trident Studios i London.
- David Bowie – vokal, akustisk gitar
- Mick Ronson – sologitar
- Trevor Bolder – bassgitar
- Mick "Woody" Woodmansey – trommer
Andre utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Han vart gjeven ut som B-side til singelen «John, I'm Only Dancing» i september 1972.
- Han vart gjeven ut som B-side til singelen «Looking for a Friend» i mai 1985.
- Den portugisiske versjonen av singelen «Starman» frå september 1972 hadde òg «Hang On to Yourself» som B-side.
- I november 1972 vart han gjeven ut som B-sida til den amerikanske utgjevinga av singelen «The Jean Genie».
- Han vart gjeven ut som ein biletdisk i RCA Life Time-biletdiskserie.
- Han finst òg på den japanske samleplata The Best of David Bowie (1974).
Konsertversjonar
[endre | endre wikiteksten]- Bowie spelte inn songen for BBC-radioprogrammet Sounds of the 70s Bob Harris 8. januar 1972. Dette vart sendt 7. februar 1972. Den 16. mai 1972 spelte Bowie igjen songen på Sounds of the 70s: John Peel, og dette vart sendt den 23. mai 1972. Begge desse versjonane vart gjevne ut på Bowie at the Beeb i 2000.
- Eit konsertopptak frå Santa Monica Civic Auditorium den 20. oktober 1972 vart gjeven ut på Santa Monica '72. Denne versjonen finst òg på den japanske samleplata RarestOneBowie og på den offisielle 2008-utgåva av konserten som Live Santa Monica '72.
- Versjonen spelt inn på den kjende «farvellkonserten» i Hammersmith Odeon i London den 3. juli 1973, vart gjeven ut på Ziggy Stardust: The Motion Picture. I Ziggy Stardust-tida var songen ofte opningslåt på konsertane deira.
- Eit konsertopptak frå Heroes-turneen i 1978 vart spelt inn i Philadelphia Spectrum, den 28. april 1978 og gjeven ut på Stage.
- Eit opptak frå november 2003 frå A Reality Tour vart gjeve ut på A Reality Tour DVDen i 2004 og på albumet A Reality Tour i 2010.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Gilby Clarke - The Hangover (1997)
- Of Montreal - Live i 2009
- The Pocket FishRMen - Only Bowie
- Melvin James - David Bowie Acoustic Tribute
- Kommunity FK - Tribute to David Bowie
- Mutant Monster Beach Party - Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
- Techno Cowboy - "The Ziggy Stardust Omnichord Album" (2009)
- Offbeats - "Evolution Of The Stickman" LP (1987)[7]
- Contraband – På debutplata deira i 1991
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hang on to Yourself» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Happy 43rd Birthday to Ziggy Stardust». Arkivert frå originalen 4. juli 2017. Henta 22. januar 2015.
- ↑ «500 Greatest Albums of All Time : 35 – David Bowie, 'The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders From Mars'». Rolling Stone. 31 May 2012. Arkivert frå originalen 21. oktober 2012. Henta 22. januar 2015.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Chris O’Leary. «Hang Onto Yourself». Pushing Ahead of the Dame. Henta 22. januar 2016.
- ↑ Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: pp.206-207
- ↑ Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: p.216
- ↑ Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: p.262
- ↑ http://www.discogs.com/Offbeats-The-Evolution-Of-The-Stickman/release/2339866