Handveske
Ei handveske er ei mindre veske til å bere i handa.[1] Forma og utsjånaden til handvesker har endra seg mykje med moten, og det er blitt utvikla luksusutgåver av dei. Storleiken kan variera frå mikrovesker til kjempevesker.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Eit tidleg døme på ei veske som kan kallast ei handveske er ei kvinneveske frå Irak frå 1300-talet. Veska er laga av messing med inkrustering av gull og sølv, og er den einaste ein kjenner til i sitt slag.[2][3] Ho kan ha vore laga for ei adelskvinne frå det mongolske Il-Khanid-dynastiet (1256-1353).[4] Veska blei truleg boren for kvinna av ein tenar.[5]
Elles har ein i mange drakttradisjon brukt lause lommar eller vesker som ein kunne henga i beltet.[6] Japansk inro, norsk bunadveske og skotsk sporran er døme på dette.
På 1700-talet endra den europeiske kvinnemoten seg til å ha ein slank, straumlinjeforma figur som ideal. Vesker hengande i livet passa ikkje inn i denne. I staden kunne ein ha ein pompadur ved handleddet. Desse kunne vera av fløyel eller silke og vera fint dekorerte.[7] Menn byrja i staden å få innsydde lommar i buksene.[8]
Mot slutten av 1800-talet blei det vanlegare for kvinner å halda eigedelane sin samla og skjulte i ei veske når dei var ute i det offentlege. Dette kunne symbolisera fridom og sjølvstende for dei, på same måte som større vesker med skulderreimer gjorde det for kvinner tidleg på 1900-talet.[6]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Menn med vesker i belte måla på 1400-talet av Hieronymus Bosch.
-
Kvinne i folkedrakt med veske i beltet, måla av Hermann Volz i 1872.
-
Fransk kvinnemote frå 1830 med pompadur.[9]
-
Sjølvportrett av Joseph Bayer med familie i 1853. Kona held ei veske i handa.
-
Modell med handveske i 1931.
Mote- og samleobjekt
[endre | endre wikiteksten]Handvesker kan vera ein del av eit mote-ensemble, og lagast i ei rekkje ulike typar skinn, tekstil eller kunststoff. Dei kan pyntast med saum, broderi, perler, edelsteinar og liknande. Frå 1920-talet laga gullsmedar som Cartier luksusvesker med diamantar, rubinar, safirar, smaragdar og perler.[6]
Handvesker kan vera ettertrakta luksusgjenstandar med høge prisar. Dette gjeld til dømes Birkin-veska frå motehuset Hermès.[10] I 2018 selde auksjonshuset Christie’s eit eksemplar av ei slik veske, som avbilda Himalaya og var pynta med kvitt gull og diamantar, for 267 500 britiske pund.[11]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Seremoniell veske frå Peranakan, pynta med glasperler.
-
Konvoluttforma veske av silke frå USA på første del av 1800-talet.
-
Handveske i silke og metall frå USA på 1800-talet.
-
Veske i bomull brodert med ull frå Europa på 1840-talet.
-
Handveske av skinn og pels
-
Gullhandveske gjeven av den indonesiske førstedama Tien Suharto til den amerikanske førstedama Betty Ford i 1975.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «handveske» i Nynorskordboka.
- ↑ «Fashion in 14th century Mosul: a new exhibition at the Courtauld Gallery - Asian and African studies blog», blogs.bl.uk, henta 28. mars 2020
- ↑ «The world's oldest handbag?». BBC News (på engelsk). 21. februar 2014.
- ↑ «The Courtauld Metal Bag», The Courtauld Institute of Art (på engelsk), arkivert frå originalen 28. mars 2020, henta 28. mars 2020
- ↑ Brown, Mark; correspondent, arts (19. februar 2014). «A handbag? Courtauld Gallery opens up identity of 700-year-old treasure». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 Perthuis, Karen de, «The story of ... the handbag», The Conversation (på engelsk), henta 19. august 2020
- ↑ Hagerty, Barbara G. S. (2002). Handbags: a peek inside a woman's most trusted accessory. Running Press Book Publishers. s. 14–5. ISBN 0-7624-1330-1.
- ↑ Burman, Barbara; Turbin, Carole (2003). Material Strategies: Dress and Gender in Historical Perspective. Wiley-Blackwell. s. 83–4. ISBN 978-1-4051-0906-2.
- ↑ «Los Angeles County Museum of Art». Collectionsonline.lacma.org. Arkivert frå originalen 24. oktober 2011. Henta 30. november 2012.
- ↑ «Episode 672: Bagging the Birkin», NPR.org (på engelsk), henta 30. juni 2020
- ↑ «Want to bag a fashion fortune?», Financial Times, henta 30. juni 2020