Hamnvik
Hamnvik | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms | ||
Kommune | Ibestad | ||
Areal | 0,69 km² | ||
Folketal | 446 (2023) | ||
Folketettleik | 646 / km² | ||
Postnummer | 9450 HAMNVIK | ||
Preposisjon | i Hamnvik | ||
Ferdselsårer | 848 Fv 131 | ||
Hamnvik 68°46′41″N 17°10′28″E / 68.77805556°N 17.17444444°E | |||
Wikimedia Commons: Hamnvik |
Hamnvik er kommunesenteret i Ibestad kommune i Troms. Tettstaden ligg på søraustenden av øya Rolla, ved sundet Bygda, og har 446 innbyggjarar per 1. januar 2023.
I Hamnvik er det servicefunksjonar og administative funksjonar som kommuneadministrasjon, lensmannskontor, lækjar, sjukeheim, kyrkje og prest, barneskule, ungdomsskule, matbutikkar, sportsbutikk, elektrisk forretning, blomebutikk og jarnvarehandel.
Staden har undersjøisk vegsamband til Andørja via Ibestadtunnelen på riksveg 848. Frå Hamnvik går riksvegen sørover langs kysten av Rolla til Sørrollnes, der vegen fortset med ferje over fjorden til Harstad. Mellom Nordrollnes og Hamnvik går fylkesveg 131.
Namnet Hamnvik skriv seg frå ei vik litt sørom det som i dag er tettstaden. I denne vika etablerte Jens Bing Dons ein handelsstad på slutten av 1700-talet. Handelsstaden er i dag nedlagd. Han har vore i eiga til familien fram til i dag og er eit godt bevart døme på ein tradisjonell nordnorsk handelsstad.
SSB kallar staden Ibestad i sine tettstadoversikter.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hamnvik» frå Wikipedia på bokmål, den 6. april 2008.