Hammana
Hammana | |||
by | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Libanonfjella guvernement | ||
Distrikt | Baabda distrikt | ||
Høgd | 1 200 moh. | ||
Koordinatar | 33°49′31″N 35°44′0″E / 33.82528°N 35.73333°E | ||
Tidssone | EET (UTC 2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC 3) | ||
Retningsnummer | 961 | ||
Hammana 33°49′31″N 35°44′00″E / 33.825277777778°N 35.733333333333°E | |||
Kart som viser Hammana.
| |||
Wikimedia Commons: Hammana |
Hammana er ein by i Libanon, kring 26 km aust for Beirut og ein del av Stor-Beirut. Hammana ligg 1200 meter over havet. Han ligg i Libanonfjella guvernement i distriktet Baabda. Hammana grensar til byane Falougha, Shbaniye, Khraybe, Bmariam, Khalwet og Mdeirej.
Hammana har fleire vasskjelder. Sohat kjeldevatn (no eigd av Nestlé) ligg i nærleiken. Eviggrøne tre som furu, gran og somme sedertre finst overalt i byen.
Hammana har eit mangfaldig religiøse samfunn med maronittar, gresk-ortodokse, gresk-katolikkar og drusarar. Det er ein populær feriestad for mange libanesisk og ikkje-libanesisk turistar.
Ordet «Hammana» kan ha kome frå namnet på den fønikiske solguden Hammon eller Hamman. Desse to namna kjem frå ordet «Hama» som tyder varme frå sola.
Den franske diktaren Alphonse De Lamartine vitja Libanon og Hammana på 1800-talet. Han skildra byen og den omliggande frodige dalen i hans Voyages en Orient (1835) som «ein av dei vakraste prospekta som nokon gong er presentert for menneskeauga for å skode på Guds verk».
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hammana» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: