Halabja
Halabja | |||
kurdisk هەڵەبجە, arabisk حلبجة | |||
by | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Autonom region | Kurdistan[1] | ||
Guvernement | Halabja | ||
Høgd | 721 moh. | ||
Koordinatar | 35°11′11″N 45°58′26″E / 35.18639°N 45.97389°E | ||
Areal | 1 599 km² | ||
Folketal | 117 000 (2013) | ||
Grunnlagd | 1650 | ||
Guvernør | Ali Osman Ali [2] | ||
Halabja 35°11′00″N 45°59′00″E / 35.183333333333°N 45.983333333333°E | |||
Kart som viser Halabja.
| |||
Wikimedia Commons: Halabja |
Halabja (kurdisk Hełebce) er ein by i Irakisk Kurdistan og hovudstaden i Halabja guvernement, kring 240 km nordaust for Bagdad og 15 km frå grensa til Iran.
Byen ligg ved foten av det som ofte vert kalla den større Hewraman-regionen som strekkjer seg over grensa mellom Iran og Irak. Halabja er omgjeve av fjella Hawraman og Shnrwe i nordaust, Balambo i sør og elva Sirwan i vest. Kurdarane i byen snakkar berre soranidialekten av kurdisk, men somme innbyggjarar i dei kringliggjande landsbyane snakkar hewrami-dialekten.
I 1988 under den iransk-irakiske krigen vart byen angripen med kjemiske våpen.[3][4] Åtaket fann stad under Anfal-felttoget der Saddam Hussein slo ned på kurdiske opprør under krigen. I mars 2010 vedtok den irakiske høgsteretten at Halabjamassakren var eit folkemord.[5]
Klima
[endre | endre wikiteksten]Halabja har eit heitt middelhavsklima (Csa) med særs varme somrar og kjølige, våte vintrar.
Vêrdata for Halabja | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 9,6 | 11,8 | 16,9 | 22 | 29,5 | 35,8 | 39,6 | 39,2 | 35 | 28,4 | 19,7 | 12,5 | 25 |
Gjennomsnittleg min °C | 0,1 | 1,4 | 5,6 | 9,7 | 14,5 | 19 | 22,8 | 22,5 | 17,9 | 12,7 | 7 | 2,2 | 11,3 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 144 | 146 | 132 | 85 | 35 | 0 | 0 | 0 | 0 | 28 | 79 | 124 | 773 |
Kjelde: [6] |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Halabja» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 6. oktober 2014, henta 22. juni 2019
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 27. september 2018, henta 22. juni 2019
- ↑ http://www.rudaw.net/english/kurdistan/15032017
- ↑ «1988: Thousands die in Halabja gas attack». BBC News. 16. mars 1988. Henta 4. mai 2010.
- ↑ AK News, 1. mars 2010, arkivert frå originalen 20. mars 2011, henta 22. juni 2019
- ↑ «Climate statistics for Halabja». Bureau of Meteorology. Henta 21. april 2019.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Iraq Image – Halabja Satellite Observation Arkivert 2009-09-17 ved Wayback Machine.