Haakon VIIs 70 års medalje
Utsjånad
Haakon VII's 70 års Medalje er rekna som ein av dei norske krigsmedaljane. Han vart stifta av Kong Haakon VII den 27. oktober 1942, og vart delt ut til militært personell som gjorde teneste i dei norske væpna styrkane i Storbritannia på bursdagen til Kongen 3. august 1942. Medaljen har eit bilete av Kong Haakon VII med omskrifta «Haakon VII Norges Konge». Han er forsynt med ei kongekrone og skal berast i eit raudt og gult band på venstre side av brystet.