Høgt blodtrykk
Høgt blodtrykk eller hypertensjon er ein kronisk medisinsk tilstand der blodtrykket i pulsårene er uvanleg høgt.[1] Blodtrykket er høgst (overtrykk) når hjartemuskelen trekk seg saman (systole) og minst (undertrykk) når han kvilar (diastole).[1] Det finst ulike definisjonar på normalt blodtrykk, men trykket skal typisk ligge kring 100-140 mmHg systolisk og 60-90 mmHg diastolisk. Ein plar å kalle det høgt blodtrykk når desse verdiane ligg kring 140/90 mmHg over lengre tid.
Høgt blodtrykk er ei påkjenning for hjarta og kan stundom føra til hypertensiv og koronar hjartesjukdom. Det kan også føra til hjerneslag, aneurismar i blodårene (t.d. aortaaneurisme), perifer karsjukdom og kronisk nyresvikt.[1]
Hypertensjon kan klassifiserast som essensiell (eller primær) og sekundær. Kring 90-95 % av tilfella er essensielle, som tydar at det ikkje finst noko tydeleg forklaring. Resten (5-10 %) av tilfella er sekundære, som tydar at blodtrykket skuldast ein annan tilstand i nyrene, pulsårene, hjarta eller det endokrine systemet.[2]
Diett- og livsstilsendringar kan betre blodtrykket og minske komplikasjonar, men lækjemiddel er påkravd for dei som er alvorleg ramma. Behandling av moderat hypertensjon (>160/100 mmHg) med lækjemiddel kan auka forventa levealder, medan behandling av mildare hypertensjon ikkje kan det.[3][4] Fordelane ved behandling av blodtrykk mellom 140/90 mmHg og 160/100 mmHg er uklåre.[5][6] Nokre studiar finn ingen fordelar, medan andre gjer det.[7]
Sjukdomsteikn og symptom
[endre | endre wikiteksten]Høgt blodtrykk er nesten alltid symptomlaust og blir oftast oppdaga ved screening eller ved oppsøking av helsehjelp for eit urelatert problem. Nokre pasientar med høgt blodtrykk klagar på hovudverk (særleg i bakhovudet om morgonen), samt omtåke, ørske, tinnitus, synsforstyrringar og uvete.[8] Desse symptoma treng ikkje skuldast høgt blodtrykk, men kan også kome av angst.[9]
Ved undersøking kan legen mistenkje hypertensjon på grunnlag av hypertensiv retinopati, som kan sjåast ved augespegling av fundus.[10] Alvorlegheitsgrada av hypertensiv retinopati blir oftast gradert frå I-IV, men dei minste gradane kan vere vanskelege å skilje frå einannan.[10] Oftalmoskopiske funn kan også gje ein indikasjon på kor lenge personen har vore hypertensiv.[8]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hypertension» frå Wikipedia på engelsk, den 26. november 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Årsaker til høyt blodtrykk». nhi.no (Norsk Helseinformatikk). 21. desember 2012. Arkivert frå originalen 10. mai 2015. Henta 26. november 2014.
- ↑ «Hypertensjon». lvh.no (Legevakthåndboken). Henta 26. november 2014.
- ↑ Diao, D; Wright, JM; Cundiff, DK; Gueyffier, F (15. august 2012). «Pharmacotherapy for mild hypertension.». The Cochrane database of systematic reviews 8.
- ↑ Arguedas, JA; Leiva, V; Wright, JM (30. oktober 2013). «Blood pressure targets for hypertension in people with diabetes mellitus.». The Cochrane database of systematic reviews 10.
- ↑ Diao, D; Wright, JM; Cundiff, DK; Gueyffier, F (15. august 2012). «Pharmacotherapy for mild hypertension.». The Cochrane database of systematic reviews 8: CD006742.
- ↑ Arguedas, JA; Leiva, V; Wright, JM (30. oktober 2013). «Blood pressure targets for hypertension in people with diabetes mellitus.». The Cochrane database of systematic reviews 10: CD008277.
- ↑ Sundström, Johan; Arima, Hisatomi; Jackson, Rod; Turnbull, Fiona; Rahimi, Kazem; Chalmers, John; Woodward, Mark; Neal, Bruce (23. desember 2014). «Effects of Blood Pressure Reduction in Mild Hypertension». Annals of Internal Medicine.
- ↑ 8,0 8,1 Fisher ND, Williams GH (2005). «Hypertensive vascular disease». I Kasper DL, Braunwald E, Fauci AS; et al. Harrison's Principles of Internal Medicine (16th utg.). New York, NY: McGraw-Hill. s. 1463–81. ISBN 0-07-139140-1.
- ↑ Marshall, IJ; Wolfe, CD; McKevitt, C (9. juli 2012). «Lay perspectives on hypertension and drug adherence: systematic review of qualitative research». BMJ (Clinical research ed.) 345: e3953.
- ↑ 10,0 10,1 Wong T, Mitchell P; Mitchell (February 2007). «The eye in hypertension». Lancet 369 (9559): 425–35.