Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet | |||
Campus Kronstad | |||
Grunnlagt | 1. januar 2017 | ||
---|---|---|---|
Type | Statleg høgskule | ||
Stad | Bergen kommune | ||
Org.nummer | 917641404 | ||
Nettstad | https://www.hvl.no/ | ||
Erstattar | Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskolen Stord/Haugesund | ||
Høgskulen på Vestlandet 60°22′09″N 5°20′58″E / 60.3691°N 5.3495°E |
Høgskulen på Vestlandet (HVL[1]) er ein norsk statleg høgskule som blei oppretta 1. januar 2017 gjennom ei samanslåing av Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund.[2] Skulen har fem studiestader – Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal og Stord – alle med utdanning på mastergradnivå.
HVL har ein av dei største lærarutdanningane i Noreg, og det eldste studieprogrammet - lærarutdanninga i Stord - har sine røter frå 1839. Det største campus er på Kronstad i Bergen.
Høgskulen har mål om å bli universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil. Han har styreleiar oppnemnd av Kunnskapsdepartementet og tilsett rektor med sete i Bergen.
Skulen har ca. 16 000 studentar[3] og 1800 tilsette. Kvart år blir 2700 kandidatar uteksaminerte innen helse- og sosialfag, ingeniør- og maritime fag, lærar- og musikkutdanning, idrett, friluftsliv og folkehelse, natur- og samfunnsfag og økonomi og leiing.
Høgskulen på Vestlandet nyttar nynorsk som primærarbeidsspråk, sjølv om dette ikkje er eit krav for studentane.[4]
Den første og noverande rektoren på HVL er professor Berit Rokne. Arvid Hallén er styreleiar.[5]
Fakultet
[endre | endre wikiteksten]HVL har fire fakultet:
- Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS)
- Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN)
- Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)
- Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS)[6]
I tillegg til studietilbodet er HVL også ein forskingsinstitusjon, med primære forskingsområde innan:
- Helse, omsorg og velferd
- Danning, kultur og samfunn
- Teknologi, berekraft og samfunn
I 2018 har HVL søkt NOKUT om kreditering av to nye doktorgradsprogram. Frå før tilbyr skulen doktorgradsprogram innan datateknologi, nautiske operasjonar og studium av danning og didaktiske prosessar.[7]
Senter
[endre | endre wikiteksten]Det eksisterer 10 forskingssenter ved Høgskulen. I tillegg finst det eit senter for nye medium.[8]
- BARNkunne - Senter for barnehageforskning
- Centre of Creativities, Arts and Science in Education
- Maritimt kompetansesenter
- Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling
- Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet
- Senter for helseforskning
- Senter for kunnskapsbasert praksis
- Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon
- Senter for omsorgsforskning vest
- Senter for utdanningsforskning
Dykkarutdanning
[endre | endre wikiteksten]Statens dykkerskole var ein offentleg dykkarskule etablert i 1980 for profesjonelle dykkarar, plassert i Gravdal, Bergen. I 2005 blei skulen innlemma i Høgskulen i Bergen, og i 2017 blei skulen såleis ein del av Høgskulen på Vestlandet.[9] Avdeling for dykkarutdanning ligg i Skålevik, cirka 15 kilometer frå Bergen sentrum.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ HVL blir forkortinga, arkivert frå originalen 23. september 2016, henta 9. januar 2017
- ↑ regjeringen.no
- ↑ BA
- ↑ Marianne Mathiesen (17.06.2016). «Fusjon vedteken i kongeleg resolusjon». hib.no.
- ↑ Hallén styreleiar for Høgskulen på Vestlandet
- ↑ «Om Høgskulen på Vestlandet». hvl.no. 07.06.2018.
- ↑ Elin Espe Stensvand (09.04.2018). «To nye doktorgradsstudium under vurdering». hvl.no.
- ↑ https://www.hvl.no/forsking/
- ↑ https://www.hvl.no/studier/dykkarutdanning/
- Denne artikkelen bygger på «Høgskulen på Vestlandet» frå Wikipedia på bokmål, den 9. januar 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Fusjonsinfo Arkivert 2016-08-02 ved Wayback Machine.
- Berit Rokne blir rektor på HVL Arkivert 2018-09-13 ved Wayback Machine.
- HVL på engelsk