Gyland kyrkje
Gyland kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Jan Gustav Åtland | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Flekkefjord | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Lister og Mandal | ||
Sokn | Gyland | ||
Fellesråd | Flekkefjord | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 1815 | ||
• Endringar | Rest. 1929 og 1965 | ||
Klokker | 2, Jacob Rendler (1744) | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Preikestol | Ca. 1665 | ||
Døypefont | Av tre, ca. 1665 | ||
Altartavle | Kross | ||
Sitjeplassar | 300 | ||
Diverse | Krusifiks frå Limoges | ||
Gyland kyrkje 58°24′41″N 6°47′30″E / 58.41142389°N 6.79161111°E | |||
Wikimedia Commons: Gyland kirke |
Gyland kyrkje er ei lafta krosskyrkje frå 1815 på Nuland i Gyland, ei bygd i Flekkefjord kommune i Agder fylke. Kyrkja har 300 sitjeplassar.
Flyttinga av Gyland kyrkje
[endre | endre wikiteksten]Kyrkjestaden for Gyland var frå mellomalderen ved Gyland gard. Der stod i si tid ei langkyrkje som vart avløyst av dagens kyrkje i 1815. Denne kyrkja vart flytta til Sandvikodden ved Nuland i 1929.
Kyrkjegarden er framleis på den gamle kyrkjestaden, der det i 1970 vart oppført eit kapell.
Krusifikset frå Limoges
[endre | endre wikiteksten]Flyttinga tok to år, og vart ferdigstilt i 1929. Under prosessen vart det funne eit krusifiks, som vart sendt til Kunstindustrimuseet (no Nasjonalmuseet). Etter ynskje frå Gyland kyrkjelydsråd vart krusifikset tilbakeført til kyrkja i 2012.[1]
Klokker
[endre | endre wikiteksten]Klokketårnet har to klokker, som framleis vert ringt manuelt (ikkje mekanisert).
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Alf Henry Rasmussen (1993). «Gyland kirke, Nuland». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 452. ISBN 82-7527-022-7.
- Gyland kyrkjelyd
- «Gyland kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gyland kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren