Gunnar T. Rysstad
Gunnar T. Rysstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. mai 1867 |
Død | |
Yrke | politikar, lyrikar |
Språk | norsk |
Politisk parti | Høgre |
Gunnar Torgeirsson Rysstad (27. mai 1867–23. mai 1926) var ein norsk gardbrukar, diktar, ordførar og stortingsmann frå Valle kommune.
Rysstad var son til gardbrukar i Valle. Han gjekk amtsskulen i 1881/82 og folkehøgskulen Vonheim 1884/85. Handelsmann på Rysstad 1889-90. I 1896 tok han over slektsgarden Straume i heimbygda, og dreiv denne sidan.
Han gav ut fleire diktsamlingar, det mest kjente diktet, «Eimhesten», skreiv han til opninga av Setesdalsbanen i 1895, der det vart framført som ei kantate. Rysstad gjendikta «Deilig er jorden» som «Fager er jordi», trykt i Syn og Segn i 1900, som sidan kom med i Nynorsk Salmebok.
Rysstad var i fleire år medlem av heradsstyret, ei tid som ordførar. Han var 3. representant for Nedenes amt og Samlingspartiet på Stortinget 1904-06. Medlem av protokollkomiteen.
Han vart tildelt 7. juni-medaljen.
Rysstad døydde 1926 på garden sin, Straume i Valle.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Sukk og song, 1888
- Femti dikt, 1890
- Hugsjaa, 1896 -
- Vaarnott, 1904
- Orren spelar',' 1915
- Vigleik, 1912 Historisk skodespel
- Hugsjaa - Nyutgivelse ved Olav Bø i 1967
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Bokmålswikipedia
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Valle kommune Gards og ættesoge Hylestad bind 1 side 208
- Biografisk informasjon om Gunnar T. Rysstad NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Gunnar T. Rysstad hos Aasentunet