Gunda
Utsjånad
Gunda er eit kvinnenamn, ei tysk kortform av namn som sluttar på –gund, som Hildegunde, og tyder 'strid'. Namnet kan òg vere ei forvansking av namnet Gunne.
Gunda har i Noreg namnedag den 30. januar.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Namnet Gunda var svært vanleg ved førre hundreårsskifte, men fram mot vår tid har det vorte mindre bruka
- Ved folketeljinga i 1801 var ingen registrert med namnet Gunda, men namnet Gunna var bruka av 4 kvinner.
- Ved folketeljinga i 1900 var det 4099 som hadde dette namnet, flest på Austlandet. 12 het Gunna.
- I 2008 var det 418 som hadde Gunda til første fornamn, 6 heitte Gunna
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Gunda Niemann-Stirnemann (f. 1966), tysk skeiseløpar
- Gunda Johansen (f. 1952), norsk politikar, ordførar i Balsfjord
- Gunda Gottschalk (f. 1969), tysk fiolinist
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Folketeljingar i Digitalarkivet
- Olav Veka 1991: Namneboka, Det Norske Samlaget ISBN 82-521-3604-4
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Søk etter norsk namnestatistikk for Gunda hjå Statistisk Sentralbyrå