Gulhovudmohua
Gulhovudmohua | |
Gulhovudmohua i Fiordland Foto: Thomas Mattern
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Utbreiinga av Gulhovudmohua | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Mohouidae |
Slekt: | Mohoua |
Art: | Gulhovudmohua M. ochrocephala |
Vitskapleg namn | |
Mohoua ochrocephala |
Gulhovudmohua, Mohoua ochrocephala, er ein insektetande sporvefugl som flyttar seg fort i småflokkar høgt i trekroner og gjev mykje læte. Han er ein sjeldan fugl, endemisk for New Zealand og lever berre på Sørøya.
Den biologiske slekta Mohoua har uklåre taksonomiske relasjonar,[1] etter Clementslista har slekta Mohoua no sin eigen familie Mohouidae.[2]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Gulhovudmohuaene har fjørdrakt i klår gul farge med lys brun overside frå rygg til haletipp. Dei syner kjønnsdimorfisme i fjørdrakta ved at hofuglar og juvenile er brune også på krone og nakke. Nebbet er svart i kontrast til den gule drakta. Denne sporvefuglen har ei lengd på 15 centimeter og vekta er ca. 30 og 25 gram for hannar og hoer høvesvis.
Utanom hekketida opptrer gulhovudmohuaer ofte i støyande flokkar, og gjerne i fleirartsflokkar saman med parakittar. Hannar har varierande og individuelle songar som kan innehalde både melodiske fløytetonar og slørete tonar. Gulhovudmohuaer beitar på ulike artar av virvellause dyr som dei plukkar frå bladverk, greiner og trestammar. Nokre gongar kan de søkje føde på bakken bland nedfallsblad. Dei kan variere dietten med små mengd av moden frukt ved høve.
Hofuglen bygger reiret inne i og høgt oppe i hòle trestammar, reirmateriala er av vegetasjon og det blir fôra med fint gras. Ho legg 3 egg som ho rugar i ca. 20 dagar. Ungane kan flyge etter 22 dagar og startar hekking etter to år. Gulhovudmohuaene kan hekke i små grupper med hjelparar. Saman med pipipiar er gulhovudmohuaer ofte parasittert av gaukearten langhalekoel. Forventa levealder for gulhovudmohua er fem år og det lengstlevande kjente individet vart 16 år.
Populasjonen er avgrensa til Fiordland og omeign på Sørøya, og få andre små lokalitetar på øya. Dei er òg introdusert til små spreidde lokalisjonar som på Ulva Island ved Stewart Island/Rakiura. Utbreiingsområdet er no berre 15 % av det opphavlege, ein rask nedgang i populasjonen skjedde i første delen av 1900-talet etter at det kom rotter og mårdyr til Sørøya. Populasjonen er estimert til 1500-4000 individ,(2005) og er minkande.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- BirdLife International (2012) Species factsheet: Mohoua ochrocephala. Henta frå http://www.birdlife.org den 2. oktober 2012
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ IOC World Bird List har sett inn arten i ein familie 'Incertae Sedis': http://www.worldbirdnames.org/n-lyrebirds.html Henta 2. oktober 2012
- ↑ Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016
- ↑ BirdLife International (2012)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Videoar, bilete og lydopptak av gulhovudmohuaer hos Internet Bird Collection
- Christina Troup. Small forest birds - Whiteheads, yellowheads and brown creepers, Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand, updated 1-Mar-09. Henta 2. oktober 2012
- ↑ Oppslag på artsinformasjon i Avibase. Henta frå Avibase 2. oktober 2012