Hopp til innhald

Grinde i Leikanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grinde
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sogndal
Postnummer 6863
Ferdselsårer Grinde i Leikanger
Kart
Grinde
61°10′57″N 6°44′51″E / 61.1825584°N 6.7474972°E / 61.1825584; 6.7474972
Sjå òg Grinde (fleirtyding).

Grinde er ei grend og tidlegare ferjestad 3 km vest for Leikanger i Sogndal kommune. Grenda dekkjer eit område på nordsida av Sognefjorden der Grindsdalen, òg kalla Huksdalen, munnar ut i fjorden med elva Grindselvi. Namnet Grinde kjem frå ein gard på vestsida av dalen medan namnet Huke kjem frå ein gard på austsida av dalen.

Riksveg 13 går langsmed fjorden gjennom grenda. Huke endepunktet på den kommunale Valbrekkevegen som går opp frå Grinde i Leikanger ved Ytre Hamre, og det er på denne vegen ein kan finne den korte og isolerte Fylkesveg 5611 mellom Valbrekka og Eggja. Ved fjorden austanfor utløpet til Grindselvi låg Grinde ferjekai, eit ferjeanlegg som var i bruk fram til ho vart erstatta av Hella ferjekai i 1956.