Hopp til innhald

Gribbkarakara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gribbkarakara
Bilete frå Uruguay
Bilete frå Uruguay
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigRaudbrunt - C. p. cheriway Grønt - C. p. plaancus
Raudbrunt - C. p. cheriway
Grønt - C. p. plaancus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Falkefuglar Falconiformes
Familie: Falkefamilien Falconidae
Slekt: Caracara
Art: Gribbkarakara C. plancus
Vitskapleg namn
Caracara plancus

Gribbkarakara (Caracara plancus) er ein rovfugl i falkefamilien, Falconidae. Han lever frå det sørlege og søraustlege USA (Texas, Arizona og Florida) gjennom Mexico, der han finst i alle delstatar, og i store delar av Sentral- og Sør-Amerika, og dessutan på Cuba. Han er generelt ikkje i regnskogen i Amazonas har fråvære frå det det indre av Peru og indre Nord-Chile.

I 1777 oppretta den engelske illustratøren John Frederick Miller det binomiale namnet Falco plancus for arten og spesifiserte typelokaliteten som Tierra del Fuego.[1] Det spesifikke epitetet plancus er latin for «ørn».[2] Gribbkarakara er no plassert i slekta Caracara som vart introdusert i 1826 av den tyske naturforskaren Blásius Merrem.[3] To underartar er anerkjende, C. p. plaancus i sør og C. p. cheriway i nord. Dei var klassifiserte som sjølvstendige artar i ein periode fram til ca. år 2021.[4]

Gribbkarakara er einaste nolevande arten i slekta Caracara. Guadalupekarakara (Caracara lutosa) var ein annan art i slekta som levde på Isla Guadalupe vest for Californiahalvøya, men vart sist observert rett etter år 1900.[5]

Gribbkarakaraen har ei total lengd på 49–64 cm og eit vengespenn på 120–130 cm. Kroppsmassen er 0,9–1,6 kg, i gjennomsnitt 1348 gram for sju undersøkte fuglar frå Tierra del Fuego.[6] Individ frå den kaldare sørlege delen av området er i gjennomsnitt større enn dei frå tropiske områda (som føresagt av Bergmanns regel) og er den største karakaraarten. Faktisk er dei den nest største falkearten i verda målt i gjennomsnittleg kroppsmasse, etter jaktfalk.[6] Krona, buken, låra, det meste av vengene og halespissen er mørkebrune. Øyrefjørene, strupen og halsen er kvitaktige, og bryst, nakke, mantel, rygg og øvre haledekkarar, undergumpen, og den basale delen av halen er kvitaktig-brun, mørk brunaktig tverrstrupa. Under flukt viser undersida av dei ytre primærene ein stor iaugefallande kvitaktig-gul flekk, nett som hos fleire andre karakaraartar. Beina er gule og den nakne ansiktshuda og sere er djup gul til raudoransje. Ungfuglar liknar vaksne, men er bleikare, med striper på bryst, nakke og rygg, grå bein og kvitaktig, seinare rosa-lilla, ansiktshud og hud.

Dette er ein rovfugl som ofte er sett på bakken der han søkjer opportunistisk etter mat. Han lever hovudsakleg av kadaver av daude dyr. Han stel mat frå andre rovfuglar, åtakar fuglereir og krypdyr,[7] og tar levande byttedyr viss moglegheita byr seg, for det meste insekt eller små pattedyr, småfuglar, amfibium, krypdyr, fisk, krabbar, andre skaldyr, flugelarver og makk.[7] Han kan også ete frukt. Han er dominerande over svart- og kalkunkondorar ved kadaver. Vidare røvar han også maten frå kondorar og våkar, så vel som frå brunpelikanar, ibisar og skeistorkar, og jagar dei til dei svelger opp eller mistar mat. Gribbkarakaraen tar levande byttedyr som blir skremt opp av brannar, storfe og jordbruksmaskinar. Lokalt har han til og med lært seg å finne avfall langs toglinjer og vegar. Den opportunistiske karakteren til denne arten gjer at han følgjer etter teikn på mågleg føde, t.d. skogbrannar og kondorar i høg, sirklande glideflukt. Vanlegvis søkjer dei føde einskildvis, men fleire individ kan samlast ved ei stor matkjelde som t.d. søppelfylling. Hekkinga skjer på den sørlege halvkula vår/sommar i den sørlege delen av området, men taiminga er mindre streng i varmare strøk. Reiret er ein stor, open struktur, vanlegvis plassert på toppen av eit tre eller ein palme, men nokre gonger på bakken. Den typiske kullstorleiken er to til tre egg.[7][6]

Utbreiing og habitat

[endre | endre wikiteksten]

Gribbkarakaraen lever frå Tierra del Fuego i det sørlegaste Sør-Amerika nordover til det sørlege USA (Texas, Arizona og Florida). Ein isolert populasjon finst på Falklandsøyane og arten er og på Cuba. Han unngår høglandet i Andes, i Peru finst han berre lengst nordvest og langs kysten i sør. Han unngår òg tette fuktige skogar, der han stort sett er avgrensa til relativt opne delar langs store elvar. Elles trivst dei i praktisk talt alle opne eller halvopne habitat og finst ofte i nærleiken av menneske. Sjeldne streiffuglar er observerte så langt nordaust som til New Brunswick i Canada. Populasjonen i Florida er ein reliktpopulasjon datert til siste istid, som enda for rundt 12 500 sidan, eller slutten av Pleistocen.[8]

Gjennom det meste av utbreiingsområdet er han ein vanleg til svært vanleg rovfugl. Estimatet på populasjonen er 2,5 til 5 millionar kjønnsmodne individ. Han vil sannsynlegvis dra nytte av den utbreidde avskoginga i det tropiske Sør-Amerika, så det blir rekna for å vere livskraftig (LC) av BirdLife International.[9]

  1. Miller, John Frederick (1777). Icones animalium et plantarum. Various subjects of Natural History, wherein are delineated Birds, Animals and many curious Plants, &c. (på latin) 1. London. Part 3, Plate 17.  Utgjevinga vart publisert i ti band med seks plansjar i kvar del. Sjå Sherborn, C.D.; Iredale, T. (1921). «J. F. Miller's Icones». Ibis. 11th series 3 (2): 302–309. doi:10.1111/j.1474-919X.1921.tb00801.x. 
  2. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 309. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  3. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (juni 2024). «Seriemas, falcons». IOC World Bird List Version 14.1. International Ornithologists' Union. Henta 7. juni 2024. 
  4. «2021 eBird Taxonomy Update — COMPLETE». Cornell Lab of Ornithology. 8. september 2021. 
  5. BirdLife International (2024) Species factsheet: Caracara lutosa. Henta 8. juni 2024
  6. 6,0 6,1 6,2 Morrison, J. L. og J. F. Dwyer (2023). Crested Caracara (Caracara plancus), version 1.1. I Birds of the World (N. D. Sly, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.y00678.01.1
  7. 7,0 7,1 7,2 «Caracara cheriway (Crested caracara)». Animal Diversity Web. 
  8. Payne, Natalie and Erwin, John A and Morrison, Joan L and Dwyer, James F and Culver, Melanie (oktober, 2023). «"Genomic insights into isolation of the threatened Florida crested caracara (Caracara plancus)}"». Journal of Heredity 115: 45–56. ISSN 1465-7333. doi:10.1093/jhered/esad057. }
  9. BirdLife International (2024) Species factsheet: Caracara plancus. Henta 8. juni 2024

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Gribbkarakara