Grenzgipfel
Utsjånad
Grenzgipfel | |||
fjell | |||
Land | Italia, Sveits | ||
---|---|---|---|
Regionar | Aostadalen, Valais | ||
Fjellkjede | Wallis-Alpane | ||
Høgd | 4 618 moh. | ||
Primærfaktor | 15 m ↓ mot Monte Rosa | ||
Koordinatar | 45°56′12.3″N 7°52′04.8″E / 45.936750°N 7.868000°E | ||
Geologi | Granitt | ||
Grenzgipfel 45°56′12″N 7°52′05″E / 45.93675°N 7.868°E | |||
Plasseringa i Sveits
| |||
Wikimedia Commons: Grenzgipfel |
Grenzgipfel er ein 4 618 meter høg fjelltopp på grensa mellom Italia og Sveits.
Toppen er ein del av Monte Rosa-massivet i Wallis-Alpane og ligg på grensekammen mellom skarda Silbersattel (4 515 moh) i nord og Grenzsattel (4 453 moh) i søraust, på den staden søraustegga på Dufourspitze snur mot aust og avvik frå grensekammen.
Vanlegvis blir Grenzgifel gått frå Zermatt eller frå stasjonen Rotenboden på Gornergratbahn over Monte Rosa-hytta. Toppen blir sjeldan klatra som eit sjøvstendig mål, men er meir ein overgang på vegen til Dufourspitze, framfor alt frå dei italienske hyttene Capanna Regina Margherita eller Capanna Gnifetti. Grenzgipfel dannar òg avslutninga på klatreruta over Monte Rosa sin austvegg (frå landsbyen Macugnaga).
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Grenzgipfel» frå Wikipedia på tysk, den 13. november 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Monte Rosa-gruppa på SummitPost
- Helmut Dumler und Willi P. Burkhardt: Viertausender der Alpen. Bergverlag Rother, München 2001, ISBN 3-7633-7427-2.
- Michael Waeber: Gebietsführer Walliser Alpen, 11. Auflage. Bergverlag Rother, München 1996. ISBN 3-7633-2416-X