Hopp til innhald

Grenlandsk ortografi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det finst ingen fast grenlandsk ortografi, det vil seie ingen faste reglar for korleis ein skal skrive grenlandsmålet. Dei fleste som har skrive grenlandsk, har teke utgangspunkt i vanleg norsk rettskriving og gjort ymse tilpassingar. Nokre representative døme er presenterte nedanfor.

Reynolds (1952)

[endre | endre wikiteksten]

Sjå fyrst på denne linja i diktet Tora Hansen, frå Reynolds (1952), her presentert i lag med den lydskrifta som grenlandsmålet blir skrive med i artiklane om dette målføret på norsk (nynorsk) Wikipedia:

  • aa guttanne di glor paa a, hu vet naakk hu ær kjekk
  • oː ²ɡʉtane di ¹ɡɽuː poːa, hʉː ¹ʋeːt nok hʉː æ ¹çek

Reynolds brukar i e æ y u ø o aa a for dei ni vokalane i e æ y ʉ ø u o a. Om dei skal uttalast korte eller lange, må ein slutte seg til etter dei same reglane som i norsk rettskriving elles:

  1. I trykkveik staving er vokalane korte.
  2. I trykksterk staving er vokalane korte føre to eller fleire konsonantbokstavar og elles lange.

Når eit ord har éi staving, reknar vi denne stavinga for trykksterk. Desse reglane fungerer stort sett greitt, men ein kan ikkje lese setninga over utan å kjenne dialekten godt. Det finst to hovudproblem:

  1. Reynolds skil ikkje mellom klitikon og sjølvstendige ord.
  2. Reynolds får ikkje alltid fram skiljet mellom korte og lange vokalar føre to ulike konsonantar.

Problem nummer 1 viser seg i det klitiske pronomenet a 'ho, henne', som har kort vokal, a [a], men Reynolds skriv det på same måte som preposisjonen [ɒː], som er eit sjølvstendig ord med lang vokal. Vokalen i kan bli kort i rask tale, men får likevel ikkje same uttale som pronomenet. Pronomenet er [a], preposisjonen er [ɒː] eller [ɒ].

Problem nummer 2 viser seg ved at Reynolds ikkje alltid fordoblar den fyrste konsonantbokstaven føre kort vokal når konsonanten er følgd av endå ein konsonantbokstav. Han skriv td kakkle for ²kakɽe 'kakle', jenntenne dannsærr for ²jentene ²dansær 'jentene dansar' og aarrntli for ¹oɳʈli 'ordentleg', men derimot gælningær for ²gæɳiŋær 'galningar', trass i at ordet har kort æ. Han skriv òg kaal for ¹koɽ 'kol' i ordlista si, men legg til "(kort vokal og «tykk l»)"; ordet rimar ikkje med ¹koːɽ 'kål'. Som døma viser, fordoblar Reynolds òg konsonantbokstavar i trykkveike stavingar.

Reynolds brukar p t rt k b d rd g m n rn ng f s rs/sj kj h v l j r for konsonantane p t ʈ k b d ɖ ɡ m n ɳ ŋ f s ʃ ç h ʋ l/ɽ j r. Bokstaven l står med andre ord for både l og ɽ. Av og til nyttar han ln i staden for rn for ɳ, på eit etymologisk grunnlag. ²gæːeɳʈ 'gale (galent)' skriv han både gælent og gæernt.

Endeleg må det nemnast at Reynolds skriv orda slik dei blir uttala i isolasjon, ikkje slik dei blir uttala i ei ytring, i lag med andre ord. Difor skriv han td hu vet naakk hu ær kjekk 'ho veit nok ho er kjekk', endå r i slutten av eit ord ikkje blir uttala føre ein ord som tek til med konsonant: hʉː ¹ʋeːt nok hʉː æ ¹çek. Han skriv alltid faarr, også i kombinasjonar som faarrkjøla 'forkjøla', trass i at rr ikkje blir uttala, men berre har som funksjon å fortelje at aa er kort: fo¹çøːɽa.