Greenwich middeltid
blå | Vesteuropeisk tid (UTC 0, Greenwich middeltid) Vesteuropeisk sommartid (UTC 1) |
lyseblå | Vesteuropeisk tid (UTC 0) |
raud | Sentraleuropeisk tid (UTC 1) Sentraleuropeisk sommartid (UTC 2) |
gul | Kaliningradtid (UTC 2) |
oker | Austeuropeisk tid (UTC 2) Austeuropeisk sommartid (UTC 3) |
grøn | Moskvatid (UTC 3) |
Greeenwich middeltid eller Greenwich Mean Time (GMT) er ei tidssone som var offisiell referansetid for heile verda frå 1884 til 1972, då universaltid (UT1 og UTC) blei innført. GMT blir framleis nytta som utgangspunkt for tidssonene brukt i vestre Europa og Afrika.
UTC blir ofte omtalt som GMT, men strengt talt er UTC ein atom-tidsskala som berre nærmar seg GMT. GMT blir også brukt for å visa til Universal Time (UT), som er det astronomiske omgrepet som direkte erstatta den originale GMT-definisjonen i 1972.
svart | UTC−01: Kapp Verde-tid. |
grøn | UTC: Vesteuropeisk tid · Greenwich middeltid. |
blå | UTC 01: Sentraleuropeisk tid · Vestafrikansk tid · Vesteuropeisk sommartid. |
raud | UTC 02: Austeuropeisk tid · Sentralafrikansk tid · Vestafrikansk sommartid · Sørafrikansk standardtid. |
gul | UTC 03: Austeuropeisk sommartid · Austafrikansk tid. |
grå | UTC 04: Mauritiustid · Seychellisk tid. |
Soge
[endre | endre wikiteksten]Greenwich-tida er ei middelsoltid med utgangspunkt i meridianen ved observatoriet i Greenwich, som blei teken som nullmeridian for heile verda ved Den internasjonale meridiankonferansen i 1884. Ho blei først teken i bruk av jernbaneselskap i Storbritannia i 1847-48, som «jernbanetid», ei sams tid for togruter i staden for ei rekkje litt ulike lokale tider. I 1880 blei dette den offisielle tida for heile øya Storbritannia. I 1883 blei ho teken i bruk på Isle of Man, i 1898 på Jersey og i 1913 på Guernsey. Irland tok i bruk tidssona i 1916, i staden for Dublin middeltid.
Britiske sjøfolk hadde lenge hatt eitt kronometer innstilt på GMT for å rekna ut lengdegrada si i høve til Greenwich-meridianen. Etterkvart byrja heile verda bruka GMT som ei referansetid uavhengig av stad, ved å gje tidssona si i timar og halvtimar «framfor GMT» (t.d. GMT-1) eller «etter GMT» (t.d. GMT 6). Fleire land oppgjev si tidssone i høve til GMT i lovverket.
Opphavleg brukte ein tidskuler oppå observatorium eller andre høge punkt til å signalisera eit visst tidspunkt, til dømes klokka 1 om dagen etter GMT, til skip i området. Frå 5. februar 1924 byrja ein kringkasta tidssignal kvar time i staden. Fram til 1925 blei byrjinga av eit døgn etter GMT rekna frå middag og etter 1925 frå midnatt. Mange stader som bruker GMT deler også døgnet i to, før middag eller a.m. (ante meridiem) og etter middag eller p.m. (post meridiem).
Ei tid som tek utgangspunkt i jordrotasjonen kan ikkje vera heilt nøyaktig, ettersom rotasjonen er uregelmessig. I 1972 blei Greenwich middeltid erstatta som verdstid av ei universaltid bestemt av fleire atomur.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Greenwich middeltid blir nytta som tidssone i Storbritannia og Irland på vinteren og heile året på Island. GMT har ikkje sommartid, om sommaren har Storbritannia noko ein kallar BST – British Summer Time (britisk sommartid), som kan skrivast som GMT 1.
I Vest-Afrika har desse landa Greenwich middeltid som tidssone:
|
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- wwp.greenwichmeantime.com GMT no.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Greenwich Mean Time» frå Wikipedia på bokmål, den 10. mai 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Greenwich Mean Time» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2011.
middeltid «Greenwich_middeltid, GMT» i Store norske leksikon, snl.no.