Hopp til innhald

Grønnøya

Koordinatar: 66°47′23″N 13°25′56″E / 66.78972°N 13.43222°E / 66.78972; 13.43222
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grønnøya
Geografi
Stad Helgeland
Koordinatar 66°47′23″N 13°25′56″E / 66.78972°N 13.43222°E / 66.78972; 13.43222

Areal 2,6 km²

Høgaste punkt Storvarden (104 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Grønnøya, Grønnøy, Grønøya eller Grønøy er ei øy i Meløy kommune i Nordland. Øya ligg nord for Åmøya og vest for Engavågen. Grønnøya har eit areal på 2,6 km², og det høgaste punktet er Storvarden på 104 moh.

Grønnøya har brusamband til fastlandet via Brattsundbrua og til Åmnøya via ei landfylling. Grønøya er også ein av stoppestadene til Nordlandsekspressen mellom Bodø og Sandnessjøen. Tidlegare hadde Grønnøya eigen butikk, og var meir eitt eige lokalsamfunn enn i dag. Då Brattsundbrua kom, vart det lettare for folk å reisa inn til Engavågen for å handla, og butikken vart til slutt nedlagd.

På Grønnøya stod den såkalla Grønøyfurua, som vart måla av Thorolf Holmboe, og som ein trur er motivet på Nitedals fyrstikkesker. Det herskar derimot usemje om dette.[1][2]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.