Avling
Utsjånad
(Omdirigert frå Grøde)
Avling, avl eller grøde viser til dei hausta delane av kulturplantar som folk gjer seg nytte av.[1]
Mengd
[endre | endre wikiteksten]Ein måler vanlegvis avling i kilogram per dekar (kg/daa). Statistisk sentralbyrå gjev hovuddefinisjonen av avling som innhausta produksjon per arealeining. Andre avlingsdefinisjonar kan vera:
- totalavling
- nyttbar avling, av seld avling og eige forbruk
- hausta avling, danna av seld avling, eige forbruk og tap og svinn etter hausting
- biologisk avling, som er sett saman av hausta avling, tap under innhausting og ikkje hausta avling[2]
Både mengda og kvaliteten på avlinga avgjer kor vellykka ein vekstsesong har vore. Klima, lengda på vekstperioden, tilgangen på vatn og næring, tilstanden på jordsmonnet og eventuelle skadedyr eller sjukdommar påverkar også resultatet.[1]
Typar
[endre | endre wikiteksten]Avlingar kan delast inn etter bruksområde:[3]
- Mat for menneske, som kveite, ris, mais, potet, frukt og grønsaker
- Dyrefor, til dømes gras, høy, kløver, lusern
- Fiber til tau og tekstil, som bomull, lin, hamp
- Olje, som raps, mais, oljepalme, oliven
- Dekorasjon, som ulike blomar og buskar
- Industri og råvarer, som gummi og tobakk
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Blomkålavling på eit lasteplan i California.
-
Humleavling i Oregon
-
Handsaming av jordnøttavling i Lombok i Indonesia.
-
Kveiteavling i Kina i 1967.
-
Kvinne med kveitavling i Madhya Pradesh i India.
-
Olivenavling i Hellas.
-
Potetavling i Angola.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «Avling», Store norske leksikon, 6. mars 2012, henta 4. oktober 2016
- ↑ «SSBs Metadata - Variabeldefinisjon - Avling». Statistisk sentralbyrå.
- ↑ «Crop». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica, inc. 24. februar 2014.