Gorokhovets
Gorokhovets Гороховец | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Vladimir oblast | ||
Først nemnd i Bystatus |
1158 1239 | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
13 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
13 443 1 034,1 /km² | ||
Koordinatar | 56°12′N 42°42′E / 56.200°N 42.700°E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC 3) MSD (UTC 4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 601480 | ||
Retningsnummer (tlf) | 7 49238 |
Gorokhovets (russisk Гороховец) er ein by i Vladimir oblast i Russland med om lag 13 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kljazma, rundt 150 km aust for Vladimir.
Namnet på byen kjem av det russiske ordet gorokh (kyrillisk горох), som betyr 'erter' og byvåpenet inneheld òg eit bilete av erteplanter.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Før austslaverarane vandra inn i området var det folkesett av den finsk-ugriske Merja-stammen. Gorokhovets vart første gong nemnd i skriftlege kjelder i 1239, da han vart øydelagd av mongolane. Ein meiner at det har vore ei festning der i fleire tiår før dette.
I 1539 var tatarar frå Kazan klare til å brenne ned byen men trekte seg tilbake etter å ha sett eit spøkelse i form av ein gigantisk riddar med et sverd. Etter dette vart fjellet der dette vart observert kalla Puzjalovo, dvs. «Den skremmande».
1600-talet vert rekna som gullalderen til Gorokhovets. Byen var då handelssenter for eit stort område, som omfatta dagens oblastar Vladimir og Ivanovo. Mange kyrkjer, kloster og andre bygningar vart bestilt og oppført av lokale handelsmenn på den tida. Spesielt verd å merke seg er klokketårna frå 1600-talet.
Transport
[endre | endre wikiteksten]Byen ligg ved hovudvegen frå Moskva til Nizjnij Novgorod. Han er òg ein elvehamn ved elva Kljazma.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Gorokhovets» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisielt nettstad for Gorokhovets Arkivert 2008-06-17 ved Wayback Machine. (russisk)
- Bilete frå Gorokhovets Arkivert 2005-09-04 ved Wayback Machine. (russisk)
- Gorokhovets si historie Arkivert 2005-01-08 ved Wayback Machine. (russisk)