Hopp til innhald

Glymur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glymur
foss
Glymur
Land  Island
Område Hvalfjörður
Del av Botnsá river
Fossetype Hestehale
Elv Botnsá
Totalt fall 196 m
Kart
Glymur
64°23′45″N 21°14′28″W / 64.395833333333°N 21.241111111111°W / 64.395833333333; -21.241111111111
Wikimedia Commons: Glymur

Glymur er den høgaste fossenIsland med eit fall på 196 m. Han ligg innerst i Hvalfjörður. Etter at ein tunnel opna under denne fjorden kjem det lite folk til området som er svært vakkert med vulkanar og treplantasjar.

Elva Botnsá renn frå vatnet Hvalvatn og etter ei kort stund renn ho langs vulkanen Hvalfell inn ein ravine med grøn mose. For å kome til fossen må ein køyre til Botnsá, ei lita grend med sommarhus kalla opp etter elva, og gå oppover fjellet (350 m) langs merkte stiar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]