Gina
Utsjånad
Gina og Gine er kvinnenamn danna som ei kortform av namn som sluttar på -gina, -gine og liknande. Gina har namnedag den 30. april.
Gina er vanleg som italiensk kjælenamn. Gino er det tilsvarande mannsnamnet.
Namnet blei utbreidd på 1950-talet gjennom den italienske skodespelaren Gina Lollobrigida (f. 1927), som var døypt Luigina. Andre opphav til Gina kan vera Eugenia, Georgina, Jørgine, Regina og Virginia.
Det var 1 587 kvinner som heitte Gina og 200 som heitte Gine i Noreg i 2009.
Namneberarar
[endre | endre wikiteksten]- Gina Cigna (1900–2001), franskfødd sopran av italiensk opphav
- Gina Krog (1847–1916), norsk politikar og kvinnesaksforkjempar
- Gina Roma (1914–2005), italiensk målar
- Gina Lollobrigida (f. 1927), italiensk skodespelar
- Gina Gershon (f. 1962), USAS-amerikansk skodespelar
- Gina Prince-Bythewood (f. 1969), USA-amerikansk filmskapar
- Gina Gogean (f. 1978), rumensk idrettsutøvar
- Gina Barstad (f. 1986), norsk politikar (SV)
Annan bruk av namnet
[endre | endre wikiteksten]- Gina Tricot, svensk kleskjede
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gina» frå Wikipedia på bokmål, den 30. april 2009.
- baby-navne.dk
- behindthename.com