Gerard Manley Hopkins
Gerard Manley Hopkins | |
Statsborgarskap | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia |
Fødd | 28. juli 1844 London, Stratford |
Død | |
Yrke | lyrikar, skribent |
Språk | engelsk |
Religion | katolisisme, Den anglikanske kirke |
Far | Manley Hopkins |
Gerard Manley Hopkins på Commons |
Gerard Manley Hopkins (28. juli 1844–8. juni 1889) var ein engelsk lyrikar og jesuittprest som er kjend for sine innovative eksperiment med metrikk og talespråk-basert rytmikk (som han sjølv kalla Sprung rhythm) i ei tid da den tradisjonelle verseforma dominerte. Dikta hans er òg kjende for eit inderleg religiøst uttrykk.
Slekta til Hopkins kom frå Wales, men han var fødd og voks opp i London der faren grunnla eit marint forsikringsselskap. Sinologen Lionel Charles Hopkins var Gerard Manley sin bror. Hopkins studerte ved Balliol College, University of Oxford og blei i studietida tilhengar av Edward Bouverie Pusey og slutta seg til Oxfordrørsla. I Oxford blei han ven med Robert Bridges, som fekk mykje å seie for Hopkins si utvikling som diktar. I 1866 følgde han eksempelet til John Henry Newman og konverterte til katolisismen. To år seinare gjekk han inn i jesuittordenen, og etter dette skreiv han ikkje dikt på sju år. I 1882 blei han lærar ved Mount St. Mary's College i Sheffield og ved Stoneyhurst College i Lancashire, seinare professor i klassisk filologi ved University College Dublin.
Hopkins publiserte aldri dikta sine sjølv, men i 1918 blei det gitt ut eit samleverk etter påtrykk av venen Bridges. Blant dei mest kjende dikta til Hopkins finn ein The Wreck of the Deutschland (skrive i 1876 etter at damparen «Deutschland» gjekk på grunn i Themsenmunninga), The Windhover og Pied Beauty.
Gerard Manley Hopkins døydde av tyfoidfeber i Dublin 6. august 1889.
Verk i utval
[endre | endre wikiteksten]- The Wreck of the Deutschland (Online)
- God's Grandeur (Online)
- As Kingfishers Catch Fire (Online)
- Pied Beauty (Online)
- Carrion Comfort (Online)
- The Windhover. To Christ our Lord (Online)
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Tom Dunne, Gerard Manley Hopkins. A Comprehensive Bibliography (Oxford, 1969).
- Paddy Kitchen, Gerard Manley Hopkins (New York, 1979).
- Humphrey House and Graham Storey (red.), The Journals and Papers of Gerard Manley Hopkins (London & New York, 1959).
- Catherine Phillips (red.), Gerard Manley Hopkins. The Poems with Selections from the Letters and Journals (Oxford, 1986).
- The Poetical Works. Red. Norman H. MacKenzie (Oxford, 1990).
- R. K. R. Thornton (red.), All My Eyes See: The Visual World of Gerard Manley Hopkins (Sunderland, 1975).