Geografiske ytterpunkt i Noreg
Utsjånad
Geografiske ytterpunkt i Noreg lister opp geografiske ytterpunkt på den norske landjorda, både på fastlandet og medrekna øyar og biland.
Kongeriket Noreg
[endre | endre wikiteksten]- Nordlegaste punkt: Det nordlegaste punktet på Rossøya i Sjuøyane i Svalbard (80°49′42″ N)
- Vestlegaste punkt: Høybergodden på Jan Mayen (09°04′39″ W).
- Sørlegaste punkt: Øya Pysen i Mandal kommune (57°57′33″ N).
- Austlegaste punkt: Kræmerpynten på Kvitøya i Svalbard (33°31′05″ E).
På fastlandsnoreg
[endre | endre wikiteksten]- Nordlegaste punkt: Kinnarodden i Gamvik og Lebesby kommunar (71°08′02″ N).
- Vestlegaste punkt: Vardetangen i Austrheim kommune (04°56′43″ E).
- Sørlegaste punkt: Lindesnes i Lindesnes kommune (57°58′46″ N).
- Austlegaste punkt: Kibergsneset i Vardø kommune (31°03′52″ E).
Fastlandsnoreg med øyar og skjer
[endre | endre wikiteksten]- Nordlegaste punkt: Knivskjellodden i Nordkapp kommune (71°11′08″ N).
- Vestlegaste punkt: Holmebåen ved Utvær i Solund kommune (04°29′57″ E).
- Sørlegaste punkt: Øya Pysen i Mandal kommune (57°57′33″ N).
- Austlegaste punkt: Hornøya aust for Vardø by (31°10′10″ E).
Noreg med biland
[endre | endre wikiteksten]- Nordlegaste punkt: Det nordlegaste punktet på Rossøya i Sjuøyane på Svalbard (80°49′42″ N)
- Vestlegaste punkt: Peter I Øy i Sørishavet utanfor Antarktis (90°41′25″ W).
- Sørlegaste punkt: Sørpolen, Dronning Maud Land (90°00′00″ S).
- Austlegaste punkt: På grensa mellom Dronning Maud Land og Australsk Antarktis (45°00′00″ E).