Hopp til innhald

Ge Hong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ge Hong

Statsborgarskap østlige Jin-dynastiet
Fødd 284
Jurong
Død

364
Jurong

Yrke filosof, alkymist, lege, skribent
Far Ge Di
Ektefelle Bao Shi
Ge Hong på Commons

Ge Hong (284364), kinesisk 葛洪 (pinyin Gě Hóng), også kjend som Zhichuan, var ein lågare embetsmann under Jin-dynastiet (266-420). Sjølv om han tidvis jobba i militæret som rådgjevar og liknande tok han alltid ein viss distanse til det verdslege og han var i periodar einebuar. Han skreiv innanfor fleire felt, men er mest kjend for sine taoistiske verk og diverse skrifter om alkymi.