Hopp til innhald

Gaular kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gaular)
Gaular kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Sande
Areal 582 km²
 •  land 541 km²
 •  vatn 41 km²
Målform nynorsk
Ordførar Mathias Råheim (H)
Kommunenr. 1430
Kart
Gaular kommune
61°20′02″N 5°47′20″E / 61.333888888889°N 5.7888888888889°E / 61.333888888889; 5.7888888888889
Kart som viser Gaular kommune.
Kart som viser Gaular kommune.
Kart som viser Gaular kommune.
Wikimedia Commons: Gaular
Nettstad: www.gaular.kommune.no

Gaular er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke. Frå 1. januar 2020 blei området del av Sunnfjord kommune.

Geografisk plassering

[endre | endre wikiteksten]

I vest grensa kommunen mot Fjaler og dekte indre delar av Dalsfjorden. Vidare strekte kommunen seg austover langs med Gaulavassdraget inn mot Gaularfjellet og Jostedalsbreen. Mot aust grensa kommunen mot Balestrand.

I nord grensa kommunen mot Førde og Askvoll. Førde var den næraste byen for Gaular og flyplassen til Førde (Førde lufthamn, Bringeland) låg i Gaular.

I sør grensa kommunen mot Høyanger i Sogn.

Det var tre hovudbygder i kommunen, Bygstad i vest, Sande og Viksdalen i aust. Busetnaden er ganske spreidd og det er få klare skilje mellom bygdene. Kommunesenteret var på Sande, der også den største skulen er plassert.

Folketalsutvikling

[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Gaular kommune frå 1920:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
3251a 3216a 3234a 3039a 2843a 2604a 2877a 2924 2857 2778
a Talet omfattar ikkje mesteparten av grunnkrinsen Hestad på nordsida av Dalsfjorden, som var del av Fjaler kommune fram til 1990, då det vart overført til Gaular kommune. Dette området hadde då 90 innbyggjarar.
  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Gaular 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]