Gamvik
Gamvik | |||
stad | |||
Gamvik
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Kommune | Gamvik | ||
Postnummer | 9775 GAMVIK | ||
Innbyggjarnamn | gamviking | ||
Gamvik 71°03′49″N 28°14′48″E / 71.06361111°N 28.24666667°E | |||
Wikimedia Commons: Gamvik (village) |
Gamvik er eit fiskevær i Gamvik kommune, nordaust i Finnmark. Staden ligg på den nordlegaste breiddegraden i Finnmark, «71 gradar nord», og ligg på nordkysten av Nordkinnhalvøya. I 2006 hadde han omtrent 200 innbyggjarar. Tradisjonelt har fiske vore hovudnæringa i Gamvik. Det siste fiskebruket blei lagt ned i 2008 etter ei rekkje oppstartar og nedleggingar dei siste 20 åra. Det blir i dag satsa mykje på turisme då verforholda gjer Gamvik til ein god stad for både havfiske og ferskvassfiske i Risfjordelva og Sandfjordelva.
Slettnes fyr, verdas nordlegaste fastlandsfyr, ligg omtrent 4 km nord for Gamvik.[1] Ved Slettnes ligg også Slettnes naturreservat, som er ein viktig hekkeplass for mange fugleartar, og mellom anna har Noregs nest største tjuvjokoloni.[2] Vest for Slettnes ligg Steinvågen, der ein finn ein av Noregs best bevarte steinlabyrintar. I Gamvik ligg også Gamvik Museum.[3]
Gamvik har eiga kyrkje og skule, og fekk også den første flystripa, Gamvik flyplass, i kommunen på 1970-talet, men etter opninga av Mehamn flyplass har stripa berre blitt brukt i nødsfall. Gamvik fekk, saman med resten av Nordkinnhalvøya vegsamband med fastlandet då riksveg 888 opna på slutten av 1980-talet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Norsk Fyrhistorisk Forening», fyr.no, henta 17. august 2020
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 12. mai 2010, henta 24. august 2010
- ↑ Msn (7. juni 2016), «Gamvik Museum 71°N», Museumsnett (på norsk bokmål), henta 17. august 2020
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Har ventet i 100 år – først nå sikres fiskeværet mot uvær med ny molo (17. august 2020). NRK