Dynasti
Utsjånad
(Omdirigert frå Fyrstehus)
Dynasti, fyrsteætt eller fyrstehus er ei slekt der reell eller symbolsk makt går i arv over generasjonar. Ein kan omtala arvelege herskarar over statar som dynasti eller «hus», som det norske kongehuset. I nyare tid der politikarar frå same familie går igjen i maktposisjonar, kan ein også snakka om «politiske dynasti».
Ofte blir også tida dei regjerer omtalt som deira dynasti, som det kinesiske Tang-dynastiet eller dei nummererte dynastia i Egypt.
Ordet «dynasti» kjem frå gresk og har samanheng med dynamis, 'kraft'.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dynasti» frå Wikipedia på bokmål, den 21. mai 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Halvor Stensrud, «Politisk dynasti» i Vårt Land, 9. oktober 2007