Fuscherkarkopf
Fuscherkarkopf | |||
fjell | |||
Fuscherkarkopf heilt til høgre sett frå Ferleiten i Fuscher Tal.
| |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Hohe Tauern | ||
Høgd | 3 331 moh. | ||
Primærfaktor | 490 m ↓ Fuscherkar-Scharte | ||
Sekundærfaktor | 3,53 km → Hohe Dock | ||
Koordinatar | 47°5′59″N 12°44′41″E / 47.09972°N 12.74472°E | ||
Førstestiging | Gregor Maier | ||
- dato | 1840-åra | ||
Fuscherkarkopf 47°05′57″N 12°44′42″E / 47.099108°N 12.745033°E | |||
Kart som viser Fuscherkarkopf.
| |||
Wikimedia Commons: Fuscherkarkopf |
Fuscherkarkopf er ein av to toppar på Glocknergruppa i Midtre Tauernhauptkamm i Hohe Tauern, eit fjellområde i Dei sentrale Alpane. Hovudtoppen når 3 331 meter over havet, medan nordvesttoppen er 3 252 moh. Dei to ligg om lag 500 meter frå einannan, mellom dei går ei bredekt, nedsvinga egg. Fjellet ligg på grensa mellom Kärnten og Salzburg i Austerrike.
Markante eggar går mot nordvest og vest, dei dannar høgste fjellkammen i massivet. Mot søraust går ein mektig fjellrygg, der søraustegga på Fuscherkarkopf tek til. Nordvesttoppen har ein veldig, i kring 650 meter høg vestvegg, som tidlegare var dekt av is. I dag er isen vekke og der er mest berre lause bergblokker.
Frå fjellhytta Hofmannshütte er toppen av Fuscherkarkopf lett å nå over sørvestegga. Frå toppen har ein vid og flott utsikt, særleg mot Großglockner og Pasterze.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Fuscherkarkopf» frå Wikipedia på tysk, den 18. mars 2015.