Frode Larsen
Utsjånad
Frode Larsen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. juni 1949 Bergen |
Død | |
Yrke | fotballspelar |
Frode Larsen (16. juni 1949–20. juni 2017)[1] var ein norsk tidlegare fotballspelar frå Bergen som var aktiv i SK Brann i åra frå 1967 til 1979. Den dribleglade vengspelaren hadde sine beste sesongar midt på 1970-talet. I 1975 spelte han sju landskampar på den norske høgrevengen, utan å skåre mål. Larsen vart cupmeister med Brann i 1972 og 1976. Han spelte 161 seriekampar og skåra 15 seriemål for klubben.
Han var far til komikaren Calle Hellevang-Larsen i Raske Menn.