Fremre augesegment
Utsjånad
Det fremre augesegmentet (av latin segmentum anterius bulbi oculi) er den fremste tredelen av auga som omfattar alle strukturane framføre glaslekamen: hornhinna, regnbogehinna, strålelekamen og linsa.[1][2]
Inni det fremre augesegmentet finst det to væskefylte rom:
- det fremre augekammeret mellom den bakre overflata av hornhinna (hornhinneendotel) og regnbogehinna.
- det bakre augekammeret mellom regnbogehinna og framsida av glaslekamen.[1]
Desse romma er fylt av kammervatn som gjev næring til dei kringliggjande veva.
Nokre oftalmologar og optikarar spesialiserar seg i behandling og handtering av sjukdommar og lidingar i det fremre segmentet.[2]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Anterior segment of eyeball» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2015.
- ↑ 1,0 1,1 Cassin, B. and Solomon, S. Dictionary of Eye Terminology. Gainesville, Florida: Triad Publishing Company, 1990.
- ↑ 2,0 2,1 "Departments. Anterior segment." Cantabrian Institute of Ophthalmology.