Hopp til innhald

Fredrik IX av Danmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik IX

Konge av Danmark
Regjeringstid20. april 194714. januar 1972
Fødd11. mars 1899
FødestadSorgenfri slott
Død14. januar 1972
DødsstadKøbenhavns Kommunehospital
GravstadRoskilde domkyrkje
Gift medIngrid av Danmark
DynastiHuset Glücksborg (Danmark)
FarKristian X av Danmark
MorAlexandrine av Danmark
BornMargrethe II av Danmark, Prinsesse Benedikte, Anne-Marie av Hellas

Frederik IX (11. mars 189914. januar 1972) var eldste son av kong Christian X av Danmark og dronning Alexandrine av Danmark. Han var konge av Danmark frå 1947 til 1972.

I 1922 trulova kronprinsen seg med den greske prinsessa Olga, men trulovinga blei heva etter berre nokre månader. Den 24. mai 1935 gifta han sig i Storkyrkan i Stockholm med prinsesse Ingrid, dotter av kronprins Gustav Adolf og kronprinsesse Margaretha.

Den 16. april 1940, sju dagar etter at landet var blitt okkupert av tyske styrkar, fekk kronprinsparet sitt først barn, Margrethe. Den vesle prinsessa blei sett på som eit lyspunkt i ei mørk tid. Under krigen kunne københavnarane ofte sjå kronprinsparet trilla rundt i hovudstaden med barnevogn eller sykkel. Etter kvart fekk dei prinsesse Benedikte den 29. april 1944 og prinsesse Anne-Marie den 30. august 1946.

Til forskjell frå tidlegare kongar valde Frederik IX å gjera karriere i marinen framfor hæren, og i 1945 blei han utnemnd til kontreadmiral. Han elska livet på sjøen, og som ein ekte sjømann hadde han òg tatoveringar. Han og dronning Ingrid vitja nær sagt kvar hamn i Danmark med kongeskipet «Dannebrog», og drog òg til Grønland og Færøyane.

Frederik IX hadde òg ein stor lidenskap for musikk. Han var dirigent for fleire danske og utanlandske orkester, og skal òg ha vore ein dyktig musikar. Han var også glad i å jakta, og heldt mange samlingar ved jakthytta si i Trend.

Kongen døydde den 14. januar 1972 etter kort tids sjukdom, og blei gravlagd i Roskilde domkyrkje. Med sitt varme og folkelege vesen hadde kongen redusert avstanden mellom kongefamilien og det danske folket.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Fredrik IX av Danmark