Fredlausslekta
Fredlausslekta | |
Fredlaus (Lysimachia vulgaris) | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Nøkleblomfamilien Primulaceae |
Underfamilie: | Myrsinoideae |
Slekt: | Fredlausslekta Lysimachia L., 1753 |
Fredlausslekta (Lysimachia) er ei planteslekt i nøkleblomfamilien (tidlegare i fredlausfamilien). Medlemene er fleirårige plantar med motsette eller kransstilte blad. Dei har store gule femtalsblomstrar. På verdsbasis finst 150-180 artar, dei fleste i dei nordlege tempererte og subtropiske sonene. Nokre få artar finst i Afrika, Australia og Sør-Amerika. I Noreg veks fem artar, berre tre av desse høyrer naturleg til her i landet. Fager- og krypfredlaus er forvilla.
Fleire artar blir nytta som hageplante. Dei er derfor spreidd over store delar av jorda. Somme stader blir dei sett på som ein invasive sidan dei kan lett spreie seg og konkurrere ut lokale plantar. Det er gjennom tida dyrka fram fleire kultivarar.
Nokre artar
[endre | endre wikiteksten]Nokre artar med offisielle norsk namn og engelske:
- Lysimachia asperulifolia, orth. var. L. asperulaefolia - roughleaf yellow loosestrife
- Lysimachia atropurpurea - Purple gooseneck loosestrife
- Lysimachia ciliata L. - Nikkefredlaus - Fringed loosestrife (Nord-Amerika)
- Lysimachia clethroides - Gooseneck loosestrife
- Lysimachia congestiflora
- Lysimachia daphnoides (A.Gray) Hillebr. Lehua makanoe (Kauaʻi på Hawaiʻi)
- Lysimachia fraseri Duby - Fraser's yellow loosestrife (søraustlege USA)
- Lysimachia filifolia C.N.Forbes (Oʻahu og Kauaʻi på Hawaiʻi)
- Lysimachia hillebrandii Hook.f. ex A.Gray - Kolokolo kuahiwi (Hawaiʻi)
- Lysimachia iniki
- Lysimachia lydgatei
- Lysimachia maxima (R.Knuth) H.St.John (Molokaʻi på Hawaiʻi)
- Lysimachia minoricensis J.J.Rodr. (Spania)
- Lysimachia nemorum L. - Skogfredlaus - Yellow pimpernel
- Lysimachia nummularia L. - Krypfredlaus - Creeping Jenny, Moneywort (Europa)
- Lysimachia pendens
- Lysimachia punctata - Fagerfredlaus - spotted loosestrife
- Lysimachia scopulensis
- Lysimachia sertulata - Chilean melilukul
- Lysimachia quadrifolia L. - Whorled loosestrife (Austlege Nord-Amerika)
- Lysimachia terrestris (L.) Britton, Sterns & Poggenb. - Swamp candles (Nord-Amerika)
- Lysimachia thyrsiflora - Gulldusk - tufted loosestrife
- Lysimachia venosa
- Lysimachia verticillaris
- Lysimachia vulgaris L. - Fredlaus - Garden loosestrife, Yellow loosestrife (Eurasia)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lysimachus' Dog & Nisaean Horses - Informative but non-scholarly essay on Lysimachia & Lysimachus (Annotated with Sources).
- Bilete av Lysimachia sertulata Arkivert 2015-09-23 ved Wayback Machine..
- PAF - Lysimachia clethroides - Duby. Skildring ved Plants For A Future
- Lysimachia i Artsdatabanken
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.