Departement i Frankrike
Eit departement (fransk: département) er ein fransk adminstrativ eining noklunde tilsvarande eit norsk fylke (ein provins). Frankrike er delt inn i 96 departement. Eit departement vert leia av ein prefekt, tilsvarande norsk fylkesmann, og ei folkevald forsamling, conseil général. Departementa er gruppert i 22 regionar i sjølve Frankrike og fire oversjøiske regionar. Departementa er oppdelt i 342 arrondissement. Det finst òg departement i Elfenbeinskysten.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Under den franske revolusjonen blei det den 22. november 1789 vedteke å opprette eininga département som erstatning for den gamle inndelinga i provinsar og landskap. Dei fleste av departementa blei oppretta den 4. mars 1790 etter vedtak i den grunnlovgjevande forsamlinga. Målet med denne reforma var å få vekk strukturar frå det gamle regimet og for å skape ein homogen nasjon.
I oppbygging er departementa ganske like: Dei er tilstrekkeleg små til å kunne styrast effektivt frå ein hovudstad. Hovudstaden skulle idéellt sett vere plassert midt i departementet og vanlegvis skulle det ikkje vere meir enn ein dags hesteritt frå kvar utkant av departementet til hovudstaden. Departementa er vanlegvis oppkalla etter elver, fjell og liknande. Dette i kontrast til den nyare franske regioninndelinga som har teke gamle provinsnamn.
Opphavleg var det 83 departement og dette auka til 130 i 1810 grunna Napoleons ekspansjon av fransk territorium, men redusert til 86 etter imperiet sitt fall. Seinare auka og minka talet i høve til grensedragingar med nabolanda. I 1860 blei Savoie og Nice lagt i Frankrike, medan områda Alsace og Lorraine blei skilde ut etter krigen med Tyskland i 1870 - 1871. Desse siste blei gjeninnlemma i 1919, men igjen lagt til Tyskland under andre verdskrigen. Etter krigen vart dei franske regionar. Dei algirske departementa blei skilde ut ved frigjeringa av dette landet i 1962. Seinare har enkelte grensedragingar funne stad ved deling av Korsika og ved omorganisering av Parisområdet. Dei tok også store delar av andre land.
Tidlegare departement
[endre | endre wikiteksten](Ikkje fullstendig liste)
- Seine
- Seine-et-Oise
- Franske departement i Nederland.
- Franske departement i Algerie.
- 91 Algiers
- 92 Oran
- 93 Constantine
- Dei 130 departementa som Napoleon Bonaparte oppretta.