Hopp til innhald

Franci Petek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Franci Petek


Statsborgarskap Slovenia, Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia
Fødd 15. juni 1971 (53 år)
Jesenice
Idrett skihopping
Tok del i Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994
Utmerkingar Bloudek-prisen, Årets idrettsutøver i Slovenia

Franci Petek (fødd 15. juni 1971) er ein slovensk tidlegare skihoppar som representerte Jugoslavia og som er frå Jesenice. Han vart verdsmeister då han vann storbakkerennet under VM 1991 i Val di Fiemme.

Petek oppnådde sin fyrste pallplass og einaste siger i verdscupen i skihopping då han i februar 1990 vann eit hopprenn i Engelberg, saman med Ari-Pekka Nikkola frå Finland. Eit halvt poeng bak dei to kom Peteks landsmann Primož Ulaga og austerrikaren Andreas Rauschmeier. Seinare skulle Petek få to andre- og to tredjeplassar i verdscupen, den siste i Predazzo i januar 1993.

Petek overraska då han i ski-VM 1991 i Val di Fiemme gjekk heilt til topps i storbakkerennet, 1,2 poeng føre ein annan sensasjonsmann, norske Rune Olijnyk. Seinare i meisterskapen vart Petek nummer åtte i normalbakken, same plasseringa fekk han også i storbakken under Vinter-OL 1992 i Albertville.

Han la opp som skihoppar i 1995.

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • (en) Franci Petek – Profil og resultatoversikt hos FIS

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]