Hopp til innhald

François-Alphonse Forel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

François-Alphonse Forel (2. februar 18417. august 1912) var ein sveitsisk limnolog. Studiane hans av sveitsiske innsjøar var grunnleggande for limnologien. Han innførte namnet limnologi for vitskapen om innsjøar i hovudverket sitt: Le Léman, monographie limnologique (tre bind, 1892–1904). Verket omhandlar geologien, kjemien og fysikken i Genfersjøen, samt biologien.

Forel var professor i Lausanne frå 1869 til 1895.

«François Alphonse Forel» i Store norske leksikon, snl.no.